Leder
KANON: Etter årevis med postmoderne kritikk av såkalla kanon, det vil seia lister over høgverdig litteratur, er det inspirerande at vi fekk slike leselister både frå høgresida og venstresida i 2023.
Espen Bratlie
Gjer som avisene: Lag ei real rangering over det som formar livet
Blant dei meir interessante forsøka frå kultur-året 2023 er etableringa av ein såkalla kanon, ei liste over viktige litterære verk både for venstresida og høgresida.
Tidsskriftet Minerva lanserte nyleg «Høyresidens kanon», og før nokon byrjar å tenkje altfor militært: her snakkar vi om ei liste over dei bøkene og verka som har bidrege til å forma «høyresidens tanker og politikk». Lista var eit svar på Klassekampens liste over «100 verk som har formet venstresidas politikk og ideer», som vart lansert i haust.
Slikt noko resulterer raskt i ein avklarings-bonanza, der det må forklarast og spesifiserast frå a til å. For kva meiner vi eigentleg med kanon? Kva legg vi i høgresida? Kven har stått for utvalet av bøker til ei slik liste? Og sjølvsagt: Kva fortener plass på ei rangering av topp 100?
Men nettopp etterarbeidet er kanskje det mest interessante med eit slikt prosjekt. Når nokon legg fram ei liste, nærast same kva dei listar opp, tvingar det oss rundt til å ta stilling. Det gjer oss meir klar over kva vi sjølv synest er viktig og mindre viktig. Vi burde truleg alle ha som nyttårsforsett å laga fleire topp-10- lister, kåringar og rangeringar.