Meninger
FORSAMLING: Gode mål og visjonar er viktige, men det blir berre ord, om ein ikkje også legg til rette for korleis ting kan skje, skriv Marit Hårklau Ådnanes.
Adobe Stock
Gode rutinar og god organisering, er det så viktig?
Det er sagt at om me berre evnar å organisera forsamlingsarbeidet på ein god måte, så kan alt skje for Guds rikes framgang. Kanskje vel drygt tenkjer du, samtidig trur eg det er mykje i det. På den måten kan ein leggja til rette for at folk med ulik utrusting og nådegåver kjem inn i teneste, på alle plan. Det kan vera at ein organiserer møtevertar som tar imot deg når du kjem til møte, forbedarar som vert engasjert, eller at ein set opp plan for oppfølging av leiarar med meir
Strukturen skal oppfylla målet til forsamlinga. Organisering og ordningar i forsamlinga er aldri eit mål i seg sjølv. Dei tener som middel for å nå eit mål. Dersom ein vil gjera menneske til Jesu disiplar; korleis kan dette skje, og korleis legg ein til rette for det? Gode mål og visjonar er viktige, men det blir berre ord, om ein ikkje også legg til rette for korleis ting kan skje.
Opp, inn og ut-fokus er viktig for å vera sunne, både som enkeltmenneske og i fellesskapet. Spørsmålet blir så kva fokus strukturane har. Hjelper dei menneske til å erfara Gud (oppover), styrkar dei hovudsakleg fellesskapet mellom truande (innover) eller har dei fokus på å tena menneske utanfor forsamlinga (utover).