Meninger
Gode rutinar og god organisering, er det så viktig?
Det er sagt at om me berre evnar å organisera forsamlingsarbeidet på ein god måte, så kan alt skje for Guds rikes framgang. Kanskje vel drygt tenkjer du, samtidig trur eg det er mykje i det. På den måten kan ein leggja til rette for at folk med ulik utrusting og nådegåver kjem inn i teneste, på alle plan. Det kan vera at ein organiserer møtevertar som tar imot deg når du kjem til møte, forbedarar som vert engasjert, eller at ein set opp plan for oppfølging av leiarar med meir
Strukturen skal oppfylla målet til forsamlinga. Organisering og ordningar i forsamlinga er aldri eit mål i seg sjølv. Dei tener som middel for å nå eit mål. Dersom ein vil gjera menneske til Jesu disiplar; korleis kan dette skje, og korleis legg ein til rette for det? Gode mål og visjonar er viktige, men det blir berre ord, om ein ikkje også legg til rette for korleis ting kan skje.
Opp, inn og ut-fokus er viktig for å vera sunne, både som enkeltmenneske og i fellesskapet. Spørsmålet blir så kva fokus strukturane har. Hjelper dei menneske til å erfara Gud (oppover), styrkar dei hovudsakleg fellesskapet mellom truande (innover) eller har dei fokus på å tena menneske utanfor forsamlinga (utover).
Nyleg hadde me i eigen samanheng samling for lokale styre der me tok opp desse tinga. Fleire vart bevisstgjort på kor fokuset i arbeidet er. Nokre trong å leggja til rette for meir opp og inn, mellom anna meir kontakt mellom barne- og vaksenarbeidet, medan andre ynskte å leggja til rette for utoverfokus som diakoni og evangelisering.
Det tenlege og hensiktsmessige møter av og til motstand. Kanskje åndeleggjer me strukturane våre? Dei fleste vert meir tradisjonelle med åra. I seg sjølv treng ikkje tradisjon å vera noko negativt, men tradisjonalisme derimot, som inneber at formene må vera slik dei alltid har vore, fremmar generasjonsmotsetningar.
Strukturane kan vera til hinder for vekst, men dei kan også fremma vekst. Hovudsakleg er dette styret sitt ansvar. Men du som forsamlingsmedlem kan også koma med endringsforslag, og bidra for å få fart på ting. Kanskje er nettopp organisering ei av dine nådegåver? Gåva er viktig, også inn i Guds rikes arbeid.
I forsamlingar som veks, ifølgje Naturleg menighetsutvikling, er eit av kjenneteikna at aktivitetane er godt planlagt og organisert. Elles at ein kjenner dei mål ein arbeider mot som forsamling, leiarane kjem regelmessig saman for å planleggja, og ein prøver ofte nye ting i forsamlinga.
Mykje handlar også om kultur og innstilling. Korleis ynskjer me eigentleg å ha det her hos oss. Snakk om det ofte – og praktiser. Ting skjer ikkje av seg sjølv. Ved å arbeida målretta, og leggja til rette for det, kan mykje skje. Ved oppstart av eit nytt semester kan det vera greitt å ta med seg dette.