Leder
REAGERTE: Ervin Kohn, samfunnsdebattant og tidlegare forstandar for Det Mosaiske Trossamfund, reagerte kraftig på formuleringar på nettsida til fredssenteret Arkivet. Formuleringane har i ettertid blitt fjerna.
Herman Frantzen
Grov bom og tvilsam oppklaring frå fredssenteret Arkivet
«Verden er skjør, tiden vi lever i er krevende. Det er utfordrende å snakke og undervise om Holocaust når Midtøsten blør, og mennesker lider og mister livet i et tempo og omfang vi ikke har sett siden andre verdenskrig», var ein del av teksten som fram til måndag ettermiddag låg ute på nettsidene til Arkivet i Kristiansand.
Teksten er no fjerna, og det er eit godt prinsipp å akseptera at ein glipp kan skje, at leiarar legg seg flate og gå vidare i håp om å vera litt klokare. Likevel er det minst like viktig å stoppa opp når noko verkeleg er ille. Det var det her.
Skildringa her er berre eitt døme på ein kombinasjon av manglande presisjonsnivå i framstillinga av dagens situasjon og eit farleg rot der fortida nærast skal omskrivast i lys av notida.