Synspunkt
LUHANSK: Bildet er fra en ortodoks palmesøndagsgudstjeneste i Luhansk i Ukraina.
Igor Golovniov/AP/NTB
Grovt misbruk av religiøs makt
Sjølv ei utgåve av Johannesevangeliet er blitt svartelista i utbrytarrepublikken Luhansk der opprørsregimet får grufull støtte frå Vladimir Putin.
Den russiske presidenten Vladmir Putin har medvete brukt religion for å legitimera makta si. Det er misbruk av religion. Han har gitt store fordelar til dei som er lojale mot Moskva – i dette tilfellet Moskva-patriarkatet i Den russisk ortodokse kyrkja.
Frå patriark Kirill har Putins regime hausta lovord, også for det meiningslause overfallet på Ukraina. Leiinga i Den russisk-ortodokse kyrkja ser sjølv på religiøse minoritetar som «ugras», for å sitera Trond Bakkevig.
Dersom Putin klarar å stabla på beina sitt eige regime i Kyiv, kan vi få ein situasjon for trusfridommen som den vi alt ser i Russland.