Leder
GA REFS: «Regjeringen har hatt, la meg si det rett ut, en elendig prosess, de har rotet det skikkelig til, ved at man hevder at friskolene har vært involvert, der har man feilinformert Stortinget», poengterte den tidlegare kunnskapsministeren Jan Tore Sanner.
Terje Pedersen/NTB
Grunn til friskule-begeistring?
Det er gledeleg at regjeringa, midt i eit storstilt nasjonalt opprør mot deira slette friskulepolitikk, no justerer kursen nokre knepp i rett retning.
Det var definitivt ei kraft i dette folkelege opprøret; rundt i landet møtte tusenvis opp med plakatar parat. Dei ville seia sitt om den mildt sagt stemoderlege behandlinga som såg ut til å bli friskulane til del med regjeringa sitt opplegg. Det var tid for å finna fram roperten.
Få minutt før protesten braut laus, nådde ei hastemelding fram til friskule-fortroppane, og ho spreidde seg raskt. Regjeringa hadde snudd!