Debatt

PROFETIANE VERT OPPFYLTE: I GT er der lagt inn 700 løfter og profetiar for det som gjeld Israel. Så langt er 80 prosent oppfylte, skriv Kjell Furnes.

Gud held orden på endetida

Publisert Sist oppdatert

Når eg les Finn-Arne Lauvås sin artikkel i Dagen 20. dm., så går mine tankar tilbake ca. 70 år, då vi som unge kristne kunne reise omkring på Sunnmøre på bibelkurs og lytte til bibelsk forkynning. Det var Adolf Bjerkreim, Gustav Ballestad, Abraham Thomson, Arne Helseth-Dyrseth med fleire som bar fram evangeliet. Tenk om eg fekk høyre slik forvirrande forkynning som Lauvås her ber til torgs?

Eg fekk høyre at Gud har to eigedomsfolk, eit jordisk (5 Mos 7,60) og eit himmelsk (1 Pet 2,9). Desse to folka har Gud sine planar med, både som reiskap for sin vilje og ein frelsesplan når tida var moden brudgom. Det er det første som skal skje når himmelen aksjonerer overfor slekta igjen. Jesus Kristus, som i dag har sin plass ved Faderens trone i himmelen, skal stige ned i skya og hente heim gevinsten ifrå Golgata. Det er det vi ventar på i dag (1 Tess 4,15–18; 1 Kor 15,51 flg.).

Guds jordiske eigedomsfolk, Abrahams etterkomarar, si utløysing er knytt til Jesus Kristus som Konge. Han skal ein dag stige ned, sette sine føter på Oljeberget, og frelse ut det jødiske folk som då skal vere i dei største vanskar. Dei forkasta han første gongen han kom, men då skal «dei sjå opp til meg som dei har gjennomstunge» (Sak 12,10).

Løfte om frelse for det jødiske folk vart tidleg forkynt. «Når du er i trengsel, og alt dette kjem over deg, i dei siste dagane, då skal du vende om til Herren din Gud og høyre på røysta hans» (5 Mos 4,30). Legg merke til rekkefølgja: I trengsel – i dei siste dagane – då skal du vende om til Herren din Gud.

I dag er dei fleste av det jødiske folk sekulariserte. Dei trur ikkje på Jesus Kristus. Men legg merke til 2 Kor 3,14–16. I dag ligg der eit dekke over dette folket. «Men når dei vender om til Herren vert dekke teke bort.» I dag frelser Gud enkelindivid, anten ein er jøde eller nordmann, men ein dag skal Gud ta eit frelsesgrep for eit heilt folk.

Eg merkar meg at Lauvås er mykje inne på Rom 11, men han tek ikkje med v. 25–27. «Og såleis skal heile Israel verta frelst.» Utfriaren skal komme frå Sion (Jerusalem). Han skal rydja gudløysa bort frå Jakob (frå det jødiske folk). Så vil Gud inngå ei ny pakt med jødane, når han tek bort syndene deira (Jer .31,33)

Eg forstår min bibel slik at det jødiske folk ein dag, som eit frelst og reinsa folk, skal gå inn i det tusenårige fredsrike som Kongens medarbeidarar, ja, som «prestar for Herren (Jes 61,6).

Gud har orden på dette. Han vaker både over kyrkjelyden og Israel. I GT er der lagt inn 700 løfter og profetiar for det som gjeld Israel. Så langt er 80 prosent oppfylte. Resten skal også oppfyllast. Gud har styringa!

Powered by Labrador CMS