Frispark
MUHAMMED: «Meiner og vil journalistar og sekulariserte kyrkjefolk i dag at Jesus, Muhammed og Buddha alle er ideelle sosialdemokratar til kvardags?» spør Hallgrim Berg.
Lise Åserud / NTB
Gud og Allah i søt kappestrid?
Kva skal ein vanleg kyrkjegjengar i desse tider meine om den religiøse sviskekompotten som no blir servert?
Mange spør: Kvifor blir fjernsynsprogram teksta med Gud når det er tale om Allah?
Frå dramatiske situasjonar rundt i verda høyrer me stadig muslimar som ropar «Allahu Akbar». Men i omsetjinga står det at Gud er stor.
Det er mange politisk overstyrte som i dag gjerne vil at kristendomens Gud og Koranens Allah skal vera den same. Det er likesom så greitt når alt er hipp som happ. Då vert det mindre konflikt, mindre bry og bortheft.