Meninger
GUDS BLOD: Frå fødsel til død set blodet preg på han som vert menneska sin frelsar, skriv Ottar Mikael Myrseth.
Adobe Stock
Guds blod
Med påskefeiringa i friskt minne kan det vere nyttig å minne om kor sentralt blodet er i den kristne religion. Frå fødsel til død set blodet preg på han som vert menneska sin frelsar.
Jesu blod rann då han åtte dagar gammal vart omskoren. I Jerusalem vart han piska til blods. Frå tornekrona rann blodet. På Golgata blødde hans hender og føter og det punkterte hjartet.
Ordet «blod» er nytta nesten 450 gongar i Bibelen og er nært knytt til Guds frelsesplan. Dette i sterk kontrast til slik andre gudar opererer. Dei krev vårt blod i staden for å gje sitt. Dei krev menneskeofringar, abort, eutanasi, jihad, krig og folkemord.