Debatt
Guds lovnader til Israel står fast
Krigen i Midtausten, som starta med terroråtaket frå Hamas frå Gazastripa 7. oktober, har fått mykje merksemd dei siste vekene. Sympatien med Israel i vårt land dei første dagane har snudd til sterk motstand etter kvart som Israel har prøvt å knekkja makta til Hamas.
Israel vert skulda for å handla mot folkeretten og driva uproporsjonal krigføring sidan sjukehus, skular og sivilsamfunn vert skada og menneske drepne. Det vert ikkje fordømt at terroristane brukar dei same institusjonane og sivilsamfunna som dekke for krigføring, og at dette har vore kjent i mange år. No vert det berre nemnt som påstandar frå Israel.
Hamas Charter frå 2017, som er litt mildare i ordbruken enn det frå 1988, viser at kampen for å frigjera Palestina frå Jordanelva i aust til Mellomhavet i vest er ei plikt for det palestinske folket spesielt og ei plikt for den arabiske Ummah (nasjon, samfunn) generelt, og heile Jerusalem er hovudstad i Palestina. Og Palestina er eit arabisk, islamsk land (§ 2, 3 og 10).
Det burde ikkje vera vanskeleg å forstå at Israel ikkje kan leva med ein slik nabo som Hamas.
Dette viser og at palestinarane reknar seg å tilhøyre den arabiske nasjonen, noko som og er rett historisk. Tanken om etablering av ein palestinsk stat innanfor våpenkvilelinene av 1949, som og er nemnt i Charteret, har ingen verdi i denne samanhengen (§ 20).
Frigjering av Palestina er i første rekkje ei religiøs plikt for Hamas. Det vesle landområdet har underordna verdi. Problemet er ein jødisk, demokratisk stat på eit område som har vore islamsk i fleire hundre år, og ligg mellom andre muslimske statar. Dette er synet til den palestinske administrasjonen på Vestbreidda og, men der er dei meir realpolitikarar som vil venta på eit lagleg høve til å starta kampen/terroren. Dette går fram av boka «Dobbeltspill» som har ei mengde sitat frå offisielle palestinske medier samla av Palestinian Media Watch og gitt ut i Noreg av Med Israel For Fred.
Det synest som om problemet med politikarar og andre som vil ha ei tilnærming med forsoningspolitikk og tostatsløysing, er at dei ikkje kjenner islam og den makta som religionen har over muslimar som tek han på alvor. Islam er både politikk og religion. Namnet tyder underkasting. Målet er at heile verda skal underkasta seg Islam og Allah. Alle middel som kan føra til det, er «gode». Difor har overgjevne muslimar vanskeleg for å fordøma terroråtaket i det sørlege Israel 7. okt.
Det er tragisk for Noreg at statsminister Jonas Gar Støre ikkje kan, eller vil, sjå kva det er som er Hamas sine mål: Dei vil først og fremst utsletta Israel og dernest vil dei halda på makta si. Ingen forhandlingar eller tilbod kan få dei ifrå dette. 7. okt. viste kva jødane har i vente viss Hamas overlever.
I Dagen 22. nov. har Eivind Gjerde ein artikkel om den åndspersonlegdomen som står bak Hamas og islam. Det skulle ikkje vera overraskande at me kristne som kjenner evangeliet om han som kalla oss frå mørkeret til lys, trur og seier at det er ei vond åndsmakt som står bak islam.
Dei som lir mest under islam, er muslimane sjølv. Dei lever i underkasting, trældom, og dei kan aldri vita kva tid dei har gjort nok for islams sak. Det beste dei kan nå fram til, er martyriet. Det gjev ein sikker plass i Paradis. Difor kastar dei seg ut i terror og strid med dødsforakt og går frivillig inn i martyriet.
Det burde ikkje vera vanskeleg å forstå at Israel ikkje kan leva med ein slik nabo som Hamas. Viss det vert skipa ein ny arabisk stat i området (i tillegg til dei 22 andre arabiske statane som ligg mellom Atlanterhavet i vest og Arabiahavet i aust), kan denne staten fort få eit stort våpenarsenal og verta ein farlegare fiende enn det Hamas er i dag.
Men det er liten grunn til å tru at det er ein palestinsk stat ved sida av Israel palestinaarabarane ynskjer. Viss det var tilfelle, kunne dei ha hatt det for lenge sidan. Dei er medvitne om at dei høyrer til den arabiske nasjonen. Truleg har dei fleste av dei aner i Egypt eller Saudi-Arabia eller andre muslimske statar i nær fortid.
Før den moderne jødiske innvandringa for alvor tok til omkring 1880, var Palestina eit svært tynt folkesett område. Det fortel fleire reiseskildringar frå 1800-talet om.
Ein norsk prest, Wilhelm Frimann Koren, som rei på hest i Palestina i 1880, skreiv i dagboka si: «Naar man drager gjennom de nu saa mennesketomme Egne, faar man et sterkt inntrykk av, hvilken Evne de har til at føde en stor befolkning. Der hviler, saa synes det meg, en gripende Vemod over dette lands Natur, som formedelst det jødiske Folks Brøde ligger uden Røgt og menneskelig Kultur. Men vi glemmer dog ikke, at dette Sukkenes Land endnu alltid er Løftenes Land.»
I Jerusalem og Tiberias var jødane i fleirtal i 1880. Men mange palestinaarabarar kjenner tilknyting til Jerusalem p.g.a. Al Aqsa-moskeen og forteljinga om Muhammed si nattlege reise til himmelen frå denne byen.
Elles har arabarane god plass til alle flyktningane i landa sine. Flyktningproblemet var det dei sjølve som skapte med åtakskrigen sin på Israel i 1948. Til overmål bad dei arabarane som budde i området om å rømma ut til dess dei hadde jagd jødane vekk. Ansvaret for å løysa problemet med palestinaflyktningane ligg hjå dei arabiske nabostatane. Men deira haldning fram gjennom åra har og vore at Israel må vekk.
Dei siste åra har dei derimot vist eit meir positivt syn på Israel.
Me trur at Guds lovnader til Israel i Det gamle testamente står fast. Folket vil få att heile landet sitt. Men me veit ikkje kor mange prøvingar dei enno må igjennom.