Debatt
DEI TI BOD: Det er dei sekulære som ikkje respekterer Guds bod, men trur at det er best at demokratiske menneske-bod står over Gud sine ti bod, skriv Jon Hildre.
Adobe Stock / Generert med AI
Guds ti bod eller menneskebod?
I 2024 skal vi feire at det er 1.000 år sidan Olav Haraldson (heilag-Olav) fekk «kristen-retten» inn i det norske lovverket på Moster-tinget. Det var eit viktig steg i kristninga av Norge.
I 1978 fekk vi lova om «fri abort» som bryt med det femte bodet – «du skal ikkje slå i hel».
I 2023 fekk Fri/Pride-rørsla kjempa gjennom lova om forbod mot konverteringsterapi mot homofile. Slik eg har oppfatta det, er den eigentleg kampen for Fri/Pride-rørsla kampen for «fri sex». «Fri sex» bryt med det 6. bodet – du skal ikkje bryte ekteskapet. Det er dei sekulære som ikkje respekterer Guds bod, men trur at det er best at demokratiske menneske-bod står over Gud sine ti bod.