Frispark
Hallgrim Berg: Hun er alt som ikkje er moteriktig i norske medier
Det var nyss val i Italia. Giorgia Meloni frå høgresida vann ein overveldande siger. I valkampen viste mange norske media seg kunnskapslause og stappfulle av fordommar.
På lokalplan i Hallingdal: – «No kjem Mussolini fram att, forkledd som ei dame med namnet Meloni!» – «Å, koss veit du det?» – «Jau, sopass skjøna dei som følgji’ med i avisun’ og på fjernsynet!»
Som ved val i andre statar langt borte: Ein overfører automatisk sine syn og oppfatningar av norske tilhøve til landet det gjeld. I Italia, anten historia, institusjonane, partifloraen eller persongalleriet er mykje ulikt, skal «motstandaren» fokuserast, svertast og framstillast som ein fare for demokratiet.
Giorgia Meloni er alt det som ikkje er politisk moteriktig i norske media. Ho forsvarar fedrelandet framfor Europaunionen. Med dei lægste fødselstala i Europa, vil ho prioritere omsynet til mor og barn. (Ho er ikkje bastant mot abort, slik kritikarane seier, men vil at det skal bli lettare å unngå abort for dei som vil bera fram barnet). Familien er grunncella i samfunnet, og må ikkje overskyggast av «gnålet frå mini-minoritetar». Ei grenselaus innvandring frå Afrika og Midtausten kan ikkje halde fram, dersom italiensk kultur og særkjenne ikkje skal gå tapt. Italia tilhøyrer den jødisk-kristne tradisjonen, den vestlege sivilisasjonen, og Gud er ikkje avskaffa! Full støtte til Israels leverett!
Seier Giorgia. Med slik ein glød og gneist at breie lag i folket heiar på henne. Då ho viser seg populær, gjeld det straks for kommentatorane å stemple henne; som høgreekstrem, fascist, neo-fascistisk, post-fascistisk!
Dei fascistiske nemningane er kriblande lette å ty til, men er misvisande. Med Fratelli d`Italias under Giorgia Meloni har Italia endeleg fått eit stort og normalt konservativt parti. Italienske media omtalar såleis den sigrande koalisjonen som «centrodestra», altså sentrum-høgre.
Men for dei – Europa rundt – som vil halde oppe eit fiendebilete av tilhøva i andre land (til bruk i eigen moralkamp og politikk), held svartmålinga fram. Står ein sjølv langt nok til venstre, er alt ideologisk tankegods til høgre for SV, ekstremistisk.
Giorgia Meloni er nasjonalkonservativ i spørsmål om religion og kultur. Møtet med den politiske og administrative røyndomen – økonomi, arbeidsliv og miljøkrav – inneheld store utfordringar. Det vil kalle på allmenn pragmatisme. Hopehavet med EU er ei særleg hard nøtt. Veljarane hennar er nervøse; forsvinn demokratiet og sjølvråderetten i eit Italia som er blitt eit vedheng til EU-imperiet?
Same kva Fratelli d`Italias seier og gjer (som Sverigedemokraterna), vil dei bli skulda for at dei eigentleg er fascistar, meir eller mindre pent kledde skurkar med undertrykking og vald i ryggsekken.
I valkampen viste mange norske media seg kunnskapslause og stappfulle av fordommar.
Men det er like meiningsfylt å klistre Meloni og partiet hennar til fascismen og Mussolini som det ville ha vore å stemple Trygve Slagsvold Vedum og Senterpartiet til Quisling og nazismen. Eller å terpe på med at Einar Gerhardsen all sin dag var kommunist i hjarta fordi han hadde vore nestformann i Norges Kommunistiske Ungdomsforbund og utsending ved Den kommunistiske internasjonalen i Moskva i 1921.
Den kommande statsministeren i Italia får vonleg til eit samarbeid som varar godt ut over dette eine året. Gjennomsnittleg varar ei italiensk regjering 13–14 månader.
Giorgia Meloni er folkeleg, åleinemor og høgst talefør. Ho kjem ikkje frå overklassa, men er frå eit arbeidardistrikt. Faren var kommunist, men svikta heimen og familien, drog for godt til Kanariøyane med ei elskarinne då Giorgia var to år gammal. Småjenta opplevde òg mora på veg til abortklinikken, før ho snudde og ombestemte seg.
Sterke hendingar set sine spor i menneskelivet. Demokrati er summen av mange levde liv, stundom med nedfall og nederlag, men òg med vinst og visjonar.