Meninger
Han hadde alltid noko godt å seia om Jesus
Han er død for ein del år sidan. Han gjorde ikkje mykje av seg, var av dei stille i landet. Når det var møte, store og små, var han der. Orda var ikkje mange, og slett ikkje store. Markerte seg, nei eller ja. Markerte seg ikkje på anna måte enn at han var trufast. Stakk seg ikkje fram. Me merka oss avhengigheita av Kristus, ord og liv tala om det.
No mange år etter han døydde får eg på underleg vis høyra. Han var reiskapen som Gud bruka til å føra andre til omvending. På arbeidsplassen sa han ikkje så mykje, men han var. «For ein respekt me hadde for han», vitna ein av arbeidskameratane. Ikkje berre i det han sa, men i det han var.
Dei følgde med. Me viste at han var ein som var trengjande etter å vera saman med dei truande. Me merka omsorga. Dette uroa denne som var uomvendt, var med å kalla. «Me gjekk mellom to avdelingar saman, då kom det. Eg trur du er kalla av Gud. Det var eg.» Denne gjekk heim og overgav seg til Gud.
I grav gjekk han utan å veta om det reiskap han var for Herren. Han let seg bruka av Herren der han var. Han viste ikkje om at der var folk som merka seg trufastheta når det var møte. Han viste ikkje om dei som følgde så nøye med på det han sa og var.
Dei som forarga seg over dette, for det uroa dei. Dei undrast over at han hadde slik mattrong, trong til og samlast med dei truande. Dei som gjekk på møter merka seg at han alltid hadde noko godt å seia om Jesus.
Har fått møta mange som kan fortelja om korleis dei kom til liv i Gud. Mange vitnar om at det var nokon som gjorde så lite av seg som Gud bruka. I grav gjekk dei utan å vita kva Gud hadde bruka dei til.
Sjølv har eg møtt og kjent såkalla «store», og dei var det, ragande kjemper. Jo, dei var og er framleis til hjelp gjennom det dei fekk seia og vera for meg, men mange av dei som har vore meg mest til hjelp var «ubetydeleg» for mange.
Veit om enkle folk som fekk gi meg sjelesorg for dei hadde sjeleomsorg for meg. Dei gav den hjelp dei sjølv hadde erfara. Dei viste ikkje om kva hjelp dei var. Ananias som Gud sende til Paulus, er han nemnt meir enn denne gongen? Gud bruka han og ingen andre. Gud valte reiskapen, ein som var redd. Han lét seg bruka.
Har nytta mange slag reiskap opp gjennom livet, visste reiskapen kva nytte det var i det?
Har sett/opplevd folk som var uhyre dyktige, men hadde dårleg verktøy å bruka. Har sett praktstykka dei har utført. På grunn av reiskapen, eller på grunn av dyktigheita til den som bruka det?
Han var ikkje stor, ikkje dyktig han som var det reiskap som Gud bruka til å føra fleire til Jesus. Herren bruka og styrte han.