For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold og vi har følgende tilbud

5 uker - 5 kroner Du kan betale med vipps

Deretter kr 299,- pr måned. Automatisk månedlig fornyelse til ordinær pris. Ingen bindingstid, du sier selv opp når du ønsker

Er du allerede abonnent?

KJØP

Debatt

ISRAEL: Biletet er frå Jerusalem.

Har Gud svikta sine løfter?

Publisert Sist oppdatert

Det er merkeleg å lese Harald Peter Stette sin artikkel den 13. mai. Profetane sitt bodskap var til sin samtid, og det er misbruk å la det profetiske ord i GT tale om Israel i dag. Eit ordtak seier at «praksis er den beste form for teori». Når vi då veit at av dei 700 løfter og profetiar som som talar og gir løfter til det jødiske i folk i GT så er 80 prosent oppfylte, så gir det tillit Guds ord.

Men ein del står til rest, og vi kan vere trygge for at Gud skal innfri også dei løfta til sitt jordiske paktsfolk. Det er rett at GT peiker på Kristus og hans kome. Men tek du deg tid å gå igjennom GT, så finn du eit stort tal med løfter og garantiar som Gud har gitt Israel. Dette går både på varing gjennom diasporaen, samling av folket og ei ny tid i lovnadslandet.

Vi kan ta nokre glimt frå profetane si forkynning: Jesaja 65,19: «Og eg vil jubla over Jerusalem og fryda meg over folket mitt. Gråt og skrik skal ikkje høyrast meir.» Jeremia 16,15: «Så sant Herren lever, han som førde Israelsborna opp frå landet i nord og frå alle dei landa som han hadde drive dei bort til. Og eg vil føre dei attende til landet deira, det som eg gav fedrane deira.»

Powered by Labrador CMS