For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold og vi har følgende tilbud

5 uker - 5 kroner Du kan betale med vipps

Deretter kr 299,- pr måned. Automatisk månedlig fornyelse til ordinær pris. Ingen bindingstid, du sier selv opp når du ønsker

Er du allerede abonnent?

KJØP

Debatt

JESU TILBAKEKOMST: Openberringsboka avsluttar slik: «Han som vitnar om dette, seier: ‹Ja, eg kjem snart.› Amen. Kom, Herre Jesus!» skriv Kåre Torbjørnsen.

Har Jesus komme igjen, eller skal vi framleis venta?

Publisert Sist oppdatert

Er det bortkasta å venta på Jesu tilbakekomst? Spørsmålet verka for dei fleste kristne uforståeleg. Men ikkje for alle. For nokre med preteristisk bibelforståing, er svare opplagt: Jesus har komme. Vi treng ikkje venta meir.

I 1 Peter 3,15–16 skriv apostelen noko som for meg vert svært relevant i møte med dette synet. «Ver alltid førebudde, så de kan svara for dykk når nokon krev dykk til rekneskap for det håpet de eig. Men gjer det audmjukt og med gudsfrykt, så de kan ha eit godt samvit.»

No opplever eg at preterismen krev meg til rekneskap for det håpet eg eig. Då vil eg, slik Peter oppfordrar meg, forsvara mitt kristne håp, Jesu tilbakekomst. Men samstundes vil eg gjera det audmjukt og med gudsfrykt. Dette for mitt eige samvits skuld. Men også for at eg ikkje skal bli overlista av Satan slik at han får det slik han vil. «(...) så vi ikkje skal bli overlista av Satan. For vi veit kva han vil» (2 Kor 2,11). Det han vil, er å skape tvil om Guds ord. Og skape splid mellom brør.

Powered by Labrador CMS