Synspunkt

STYREVERV: Klepp kommune tolkar slik at dersom frivillige organisasjonar ikkje opnar styreverv også for kvinner og dei med ulik legning, så kvalifiserer dei ikkje til å få støtte. Kva tid forsvann retten til medlemmene fritt å velje sitt eige styre?

Har Klepp-saka med religion å gjera, så må Grunnlova endrast

Norge er av dei få land i verda som deler ut folk sine skattepengar til støtte for frivillige organisasjonar, drift av skolar og universitet.

Publisert Sist oppdatert

Ulike trussamfunn, kristne og muslimske, får økonomisk støtte ut frå medlemstalet. Den norske kyrkja er ei folkekyrkje med støtte frå staten. Grunnlova fastslår at «Kongen skal alltid vedkjenne seg til den evangelisk-lutherske religion».

KLOSTER: Berit Helgøy Kloster er tidlegare misjonær og lærar.

Sjølv var eg med på slik tildelingssaker i kommunen, fylket og kyrkjerådet.

Nå er det komme nye reglar, som Klepp kommune tolkar slik at dersom frivillige organisasjonar ikkje opnar styreverv også for kvinner og dei med ulik legning, så kvalifiserer dei ikkje til å få støtte. Kva tid forsvann retten til medlemmene fritt å velje sitt eige styre?

Det vart avslag til det kristne ungdomslaget, som tendensiøst omtalast for «konservative» og ikkje for det flotte arbeidet dei gjer for barn og unge. Korleis stiller vedtaket seg i forhold til trusfridom?

Verdas to største religionar. Kristendommen og islam, byggjer på Skrifter: Bibelen og Koran. Koranen er i islam likestilt med Jesus i kristendommen.

Det er ukjent om muslimske frivillige organisasjonar fekk støtte, men dei fortener å vera likestilt ved utdeling. Kva utset ein truande muslim seg for om han offentleg går mot det som står i Koranen? Ikkje noko mindre enn forfølging frå sine eigne religiøse leiarar.

I vår norske naivitet trur at vi kan endre dei tusenårige Skrifter. Eller rett ut sagt, vi ber søkjarar gjere «trus-underslag», for å få nokre pengar dei sjølv har betalt inn til.

I vår norske naivitet trur at vi kan endre dei tusenårige Skrifter. Eller rett ut sagt, vi ber søkjarar gjere «trus-underslag», for å få nokre pengar dei sjølv har betalt inn til.

Har vi tatt imot flyktningar og innvandrar, så har vi også tatt dei imot med den trua som lever i dei.

Som mangeårig religionslærar i vidaregåande skule, fekk vi mange nyttige samtaler når fleire religionar var representert.

Imamen kom i klassane, og inviterte oss til å koma på fredagsbøn i moskeen. Men jenter med menstruasjon fekk i fyrste omgang forbod, så vi måtte gå fleire gonger. I vanvare kom eg til å leggja Koranen på pulten til ei flott muslimsk jente.

Plutseleg skreik eg høgt: «Eg såg han ikkje, eg såg han ikkje.» Koranen skal nemleg alltid plasserast høgt.

Nokre kallar Klepp-saka starten på kristen forfølging. Kva kriterium vart lagt til grunn for tildeling? Vær så snill å offentleggjere dei! Har det med religion å gjera, så må Grunnlova endrast.

Nok eit varsel på at kristendommen skal bort var KORK-konserten.

Eyvind Skeie fekk i beste sendetid oppleva at NRK godtok ei omskriving av innhaldet i songen «Tenn et lys», og fjerna kristne ord, tillate eit nytt forfattar namn og det utan å kontakte han. Skeie vil aldri tillate det.

Mange lever endå på Nobel-pris utdelinga. Desse modige journalistane deltok på ei katolsk messe (ifølgje media). Drog dei for fort heim utan å sjå kva som skjer i Norge?

Powered by Labrador CMS