For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold og vi har følgende tilbud

5 uker - 5 kroner Du kan betale med vipps

Deretter kr 299,- pr måned. Automatisk månedlig fornyelse til ordinær pris. Ingen bindingstid, du sier selv opp når du ønsker

Er du allerede abonnent?

KJØP

Debatt

VAL: Det er no tid for å spørje politikarane kva syn dei har på lokal alkoholpolitikk, skriv Per-Arne Lillebø og John Almendingen.

Har lokal alkoholpolitikk ein plass i valkampen?

Publisert Sist oppdatert

Valkampen er i gang. I september er det kommuneval og fylkesval. Mange av kandidatane til dei nye kommunestyra står ofte på stand og fortel kva saker dei brenn for.

Kommunestyra har mange oppgåver. Mellom anna har dei ansvar for alkoholpolitikken i kommunane. Det er no tid for å spørje politikarane kva syn dei har på lokal alkoholpolitikk. Alkohollova pålegg kommunane å utarbeide ein alkoholpolitisk handlingsplan (jf. § 1–7 d). Ein god alkoholpolitisk handlingsplan kan bidra til at kommunen når folkehelsemåla sine.

Folkehelselova gjev kommunane ansvar for å fremje folkehelsa, førebyggje sjukdom og jamne ut sosiale helseskilnader. Eit av dei mest effektive og økonomisk lønsame verkemidla kommunane har for å fremje folkehelsa, er alkoholpolitikken. Kommunane avgjer kven som skal få selje og skjenke alkohol, når det skal skje og kva krav som skal settast for å få løyve. Dessutan er det kommunane som skal kontrollere at alkohollova vert følgt.

Powered by Labrador CMS