Leder
KINOHELT: J. Robert Oppenheimer, på kinolerretet framstilt av Cillian Murphy som ein tvilande helt. Men kor godt fungerer tvil som ideal?
UIP
Har tvil fått eit ufortent godt rykte?
Etter årevis med påverknad frå såkalla kritisk teori og postmodernisme, som i mangt tek sikte på å dekonstruera det etablerte og gjera sanninga subjektiv, er vi no ved eit punkt der sterk tru og overtyding ofte blir framstilt som noko suspekt.
Mens den tvilande verkar raus, kan den truande synast rigid. Tvila verkar liksom så open, mens trua fort verkar overtent. Og det er neppe merkeleg at tru vert trekt i tvil av ein sekulær kultur som nettopp har ei slik tvilande grunninnstilling.
Det som derimot kan skapa undring, er når kristne sjølv ser ut til å hylla tvil, gråsoner og såkalla «kompleksitet» for å vera meir interessant og berekraftig enn tru og fast overtyding.