Debatt
PUNJAB: Væpnet politi står vakt utenfor fengselet der den blasfemidømte muslimske universitetslæreren Junaid Hafeez er innesperret.
Asim Tanveer / AP / NTB
Hat og vald mot fleire minoritetar i Pakistan
Kristne i Pakistan var i fjor den mest utsette ikkje-muslimske minoriteten i Pakistan. Men også andre minoritetar er hardt ramma av hatefull retorikk og ekstremistisk vald.
Dagen skreiv nyleg ei sak om vekst i angrep på kristne i Pakistan, ofte på grunn av ugrunna påstandar om blasfemi.
Artikkelen kom etter drap på fleire kristne tidlegare i år, mellom andre Nasir Masih i Sargodha. Han vart lynsja til døde etter påstand om at han hadde vanhelga ein koran. Ein mobb på fleire hundre stod bak.
Kristne i Pakistan er knapt nok andrerangs borgarar. 2023 var eit år med vekst i angrep på grunn av blasfemi. I 2023 var den kristne minoriteten mest utsett av minoritetane i Pakistan.