Debatt

HEBRAISK: Med ei innføring i bibelhebraisk kan ein utforska meiningspotensialet i gammaltestamentlege tekstar slik dei var på Jesu tid, skriv Gard Granerud og Andrew Wergeland.

Hebraisk, kyrkja og presteutdanning

Er Den norske kyrkja klar over kor verdifullt det er for henne med prestar som har erfaring med grunnspråkleg bibelarbeid?

Publisert Sist oppdatert

Som arbeidsgjevar for dei aller fleste som fullfører profesjonsstudiet i teologi, har ho eit spesielt ansvar for å stilla krav til innhaldet i denne utdanninga.

Bibelen har ein sentral plass i kyrkja. Når ho samlast, blir det lese og sunge frå han, preika over han og undervist frå han. Når kyrkja lagar teologi i møte med livet, søkjer ho tradisjonelt støtte og rettleiing i Bibelen.

Han har ein autoritet hos kyrkja, noko som kjem til uttrykk når ho kallar han for «Guds ord». Kyrkja har sett og ser på Bibelen som tekstar Gud bruker til å formidla bodskapen sin til verda.

Denne særstillinga gjer at dei som formidlar Guds kall, Guds rettleiing, Guds dom, Guds trøyst, Guds velsigning, Guds vilje og Guds vesen til Guds folk ved hjelp av Guds ord, helst må ha inngåande kunnskap om og innsikt i Bibelen, basert på grundig studium.

Bibelen er tekstar frå antikken som i sine eldste tilgjengelege former står skrivne på hebraisk, arameisk og gresk. Ein kan studera Bibelen grundig utan kjennskap til desse språka. Men ved å ta dei i bruk, blir alt bibelstudium grundigare.

Med ei innføring i bibelhebraisk kan ein utforska meiningspotensialet i gammaltestamentlege tekstar slik dei var på Jesu tid. Ein kan få auge på elles usynlege samanhengar mellom tekstar innanfor Det gamle testamentet, i tillegg til den språklege bakgrunnen for tekstane i Det nye testamentet.

Ein får direkte erfaring med utfordringane knytte til det å omsetja og tolka desse tekstane. Dermed får ein truleg eit meir nyansert og fagleg grunngitt bibelsyn.

MF: Gard Granerød er professor i Det gamle testamente og seksjonsleder ved MF.

Ein blir i stand til å hjelpa kyrkjelyden i spørsmål om forskjellar mellom ulike omsetjingar. Og ein får del i eit språk- og uttrykksunivers som har følgt Guds folk heilt frå profetanes tid, og som ein kan bruka når ein formidlar Guds ord til menneske i dag.

Evna til å vera i dialog med den internasjonale forskingslitteraturen blir styrkt. For religionsdialogen og den stadig pågåande refleksjonen omkring kyrkjas sjølvforståing er det viktig med eit felles kontaktpunkt med kyrkjas «eldre bror», synagogen, og hans heilage skrift, Den hebraiske bibelen (Tanak).

Truleg styrkjer prestars erfaring med grunnspråklege arbeid med eigne heilagskrifter kyrkjas realkompetanse og truverd i religionsdialogen med andre skriftbaserte religiøse tradisjonar, som til dømes islam.

MF: Andrew Wergeland er universitetslektor i hebraisk ved MF.

Jo fleire som får ei innføring i hebraisk, desto fleire potensielle bibelomsetjarar blir det, både for framtidig bibelomsetjing i Noreg og i misjonssamanheng. Det er endå ein grunn til at flest mogleg bør få denne viktige kunnskapen.

Det å lære grunnspråka er som ein nøkkel som opnar ei dør inn til eit rom der ein har fått djupare innsikt i Bibelens tekstar. Om ein seinare skulle mista nøkkelen (til dømes evna til å bruka grunnspråka i det daglege), er ein likevel kommen inn på ein stad som ein elles ikkje ville hatt tilgang til utan nøkkelen. Ein kan difor halde på innsikta ein har vunne, sjølv etter å ha mista verktøyet ein brukte til å vinna henne.

Dette taler for at prestar, pastorar og andre åndelege leiarar og lærarar i kyrkja bør, om mogleg, få ei innføring i desse språka når dei utdannar seg til teneste.

Kva som er «mogleg», heng saman med tida og dei andre ressursane som ein har tilgjengelege. Ei innføring i eit språk krev ein innsats tilsvarande minst 20 studiepoeng, eller to tredjedelar av eit semester, fordelt over to semester.

På eit årsstudium er det difor normalt ikkje mogleg å få plass til ei slik innføring. På eit treårig bachelorstudium derimot skulle det fint å gå an å leggja inn ei innføring i hebraisk eller gresk.

Det same gjeld ei toårig masterpåbygging, i alle fall der ein fordjupar seg i eit bibelfagleg tema. Cand.theol.-grada er eit seksårig studium som kvalifiserer til ordinasjon som prest.

Sjølv om det er mykje viktig å få med seg når ein skal førebu seg til ei kyrkjeleg teneste, er seks år såpass langt at ei innføring i både hebraisk og gresk – til saman 40 studiepoeng av totalt 360 – absolutt høyrer med i eit slik utdanningsløp.

Dei aller fleste som kvalifiserer seg til høgare utdanning, er fullt i stand til å bestå innføringar i hebraisk og gresk og å bruka kunnskapane og evnene dei opparbeider der. Men på same måte som dei fleste reglar, finst det unntak også her.

Og ein kan utføra prestetenesta på ein god måte utan å ha studert hebraisk eller gresk. Det er likevel ikkje riktig at desse få unntaka får avgjera regelen for det store fleirtalet teologistudentar.

Det er nok mange teologar og prestar som ikkje bruker språkkunnskapane frå teologistudiet nok til å halda dei ved like. Men dette er ikkje noko spesielt for språkfaga.

Det aller meste av teori- og detaljkunnskap i teologistudiet blir ikkje brukt i prestekvardagen. Det gjeld bibelfag, kyrkjehistorie, etikk, religionsfilosofi, systematisk teologi, praktisk teologi, leiingsfag – og språk.

Teologi er eit danningsstudium som har som mål å hjelpe studentar til å bli sjølvstendige teologar. Her har språkfag ei viktig rolle – når det gjeld ferdigheiter og praksisar knytte til bruken av, tolkinga av og synet på Bibelen spesielt, men også når det gjeld språk og kommunikasjon generelt.

Heldigvis for dei det gjeld, er innføringar i både hebraisk og gresk framleis ein del av cand.theol.-programma ved NLA og VID (tidlegare Misjonshøgskolen). Inntil nyleg fekk også teologistudentar ved MF og TF innføringar i begge desse språka.

Men begge institusjonar har i det siste redusert hebraiskfaget i cand.theol.-programmet til høvesvis litt over 10 studiepoeng og 15 studiepoeng.

MF har dermed det minst grunnspråklege cand.theol.-programmet av alle. Dette kan vanskeleg tolkast som noko anna enn ein bevegelse mot ei anna forståing av teologifaget.

Når det er berre NLA og VID som har innføring i hebraisk på cand.theol.-programma sine, kjem godt under halvparten av ferdige teologikandidatar til å ha denne basiskunnskapen. Framover kjem også ein del kyrkjelydar Den norske kyrkje til å få prestar med ei toårig erfaringsbasert mastergrad i teologi med innføring i verken hebraisk eller gresk.

Fordi desse vil ha behov for kollegaer med grunnspråkleg kompetanse, blir det berre viktigare framover at dei som går det ordinære cand.theol.-løpet får ei innføring i desse språka.

Til slutt er det kyrkjelydane som har størst fordel av ei grunnspråkleg teologiutdanning fordi dei får leiarar, forkynnarar og lærarar med bibelfagleg tryggleik og tyngde.

Det er difor viktig at Den norske kyrkja krev ei slik utdanning for dei som går på eit seksårig profesjonsstudium i teologi.

Powered by Labrador CMS