ERFARINGAR: Min far seier ofte at han er så glad når han får dele nokre av sine erfaringar med sine barnebarn. Han har opplevd å vere barn under krigen og har eit langt liv som lærar, bonde og samfunnsengasjert. Han har gjort seg mange refleksjonar og tankar om livet. Mine barn har kommentert at det er så kjekt når han fortel frå gamle dagar, skriv Anne Kristin Bruns.

Heia besteforeldre!

Vi må bruke menneske som er grundere og entreprenørar for å klare å tenke nytt og framtidsretta nettopp i korleis vi bygge samfunnet.

Publisert Sist oppdatert

«Veit du, hadde ikkje min gode svigerfar stilt opp for å hente i barnehage og skule, samt køyring til fritidsaktivitetar når mannen min er offshore så veit eg ikkje korleis eg skulle fått dagane til å henge saman.»

Utsagnet kjem frå ei småbarnsmor og seier mykje om kor viktige besteforeldre er for å få kvardagen til å henge saman for mange. På mange måtar kan ein seie at utan besteforeldre stoppe Noreg.

For eigen del har ikkje vi i vår familie besteforeldre i byen. Vi har vore nødt til å knytte til oss andre som kan fungere som «reservebesteforeldre» for våre barn. Vi har vore så heldig og hatt både Ingrid som vi kjøpte huset av, gode

Liv rett over vegen og før det nokre gode naboar i rekkehuset vi budde i som har blitt ein utvida familie for oss. Så er det viktig å tenke på at eldre er en samansett gruppe.

Dei er ressurssterke menneske som har mykje kompetanse. Som samfunn må vi lære oss å betre inkludere eldre og å ta i bruk deira ressursar. Den kunnskapen og erfaringa som eldre har er veldig viktig for den kommande generasjon.

Difor trenger vi fleire møteplassar på tvers av generasjonar som også er med å styrke folkehelsa. Nordmenn er friskare og lever lengre enn før. Dei fleste eldre at aktive deltakarar og mange bidreg med ein stor frivillig innsats i sine nære fellesskap.

Eit prosjekt som har starta i Stavanger kommune er Lyttevenn, der pensjonistar eller andre som lytte til barn som les høgt. Det bidreg til å stimulere og motivere leseferdigheiter og leselyst hjå barn i 2/3 klasse i samarbeid med skulen sitt pedagogiske personale.

Formålet med Lytteven prosjektet er å bygge bru mellom generasjonane og utvikle ein modell for eldre sin aktiv deltaking i skulen.

Barn får hjelp til å utvikle leseferdigheiter og får regelmessig kontakt med ein trygg voksen som gjev dei udelt merksemd. Midt i pandemien er det litt vankeleg å gjennomføre, men vi har no over 90 Lyttevener i Stavanger kommune.

Gjennom Lytteven blir det skapt ein arena for fleire generasjonar i skulen. Fleire av borna seier det er nesten som ein bestefar/bestemor, og dei eldre seier at det er så godt å få vere saman med barna, og oppleve den gode kontakten.

Dette tilbodet er ein vinn-vinn situasjon og sett i eit folkehelseperspektiv eit strålande eksempel på møte mellom generasjonar.

Som politikar for KrF i Stavanger er eg mellom anna oppteken av frivilligheit i offentleg sektor. Vi treng nye bilete for korleis dette kan sjå ut, fordi vi har så altfor lite samarbeid på tvers av sektorane.

Med Lytteven-prosjektet utvidar vi og flytte grensene for frivillig engasjement i offentleg sektor på ein måte som kan vere eit førebilete for mange andre.

KrF vil legge til rette for at eldre kan leve eit aktivt liv gjennom å ta i bruk sine ressursar, si livserfaring og sin kunnskap.

Min far seier ofte at han er så glad når han får dele nokre av sine erfaringar med sine barnebarn. Han har opplevd å vere barn under krigen og har eit langt liv som lærar, bonde og samfunnsengasjert.

Han har gjort seg mange refleksjonar og tankar om livet. Mine barn har kommentert at det er så kjekt når han fortel frå gamle dagar.

Eg vil med handa på hjartet sei at vi treng dokke eldre, og vi treng å høyre dykkar historier. Ikkje tenk smått om det de har opplevd, sjølv om vi lever i ei anna tid no, og der mobiltelefonen lett kan kome i vegen for ein god samtale.

For min del er det også kjekt å treffe min eldre nabo, Astrid (96 år) som bur litt lengre borte i gata, som kan fortelje meg korleis det var å kome til byen på 30-talet og korleis utviklinga har vore sidan den gong.

Alle eldre fortener ein verdig alderdom. KrF fekk på plass forskrift om verdig eldreomsorg i 2010.

Denne garantien er svært viktig for at eldreomsorga skal ta omsyn til heile mennesket, også den åndelege delen av oss. Det handle om å mellom anna tilby samtalar om eksistensielle spørsmål og sikre at dei som er sjuke skal få sikre medbestemming.

Det å sørge for at helsepersonell er kompetente til å stille dei rette spørsmåla, også i forhold til tru og livssyn, handle om verdig eldreomsorg.

Korleis vi bur framover vil også vere viktig for å bygge ned kløfta mellom generasjonar. I tida som kjem ønsker KrF å lage differensierte tilbod for eldre.

Gjerne bustader der dei eldre og studentar bur i same kompleks, eller omsorgsbustader nær barnehage og skole slik at det er lett å følge med og få besøk. Difor har vi i regjeringa sørge for 2000 fleire omsorgsplassar.

Vi må bruke menneske som er grundere og entreprenørar for å klare å tenke nytt og framtidsretta nettopp i korleis vi bygge samfunnet.

Powered by Labrador CMS