For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold og vi har følgende tilbud

5 uker - 5 kroner Du kan betale med vipps

Deretter kr 299,- pr måned. Automatisk månedlig fornyelse til ordinær pris. Ingen bindingstid, du sier selv opp når du ønsker

Er du allerede abonnent?

KJØP

Debatt

FORKYNNAR: Hovudsaka ved Anden er at han er forkynnar som herleggjer Jesus, og at han utrustar oss med kraft til vitneteneste, forkynning og misjon, skriv Johannes Kleppa.

Heilaganden er ein forkynnar

Jesu lovnad om Andens kome til jorda, er som ein programtale for Andens oppgåve og gjerning på jorda.

Publisert Sist oppdatert

Ved pinse er det mange bibelske element vi kan fokusera på. Det gjeld sjølve pinsehendinga med eldtunger og tale på ein slik måte at alle forstod det, trass i ulike språk. Sjølve saka pinsedag, det som viser poenget med pinsehendinga, var at læresveinane med Peter i spissen steig fram og talte med frimot om Jesus. Dei viste ut frå Skriftene at han var Messias, og dei sette Jesu oppstode frå dei døde i fokus.

Vi kan også løfta fram ulike sider ved Andens person og gjerning, slik som Andens kraft, Andens fylde, Anden gåver og Andens frukt. Alt dette er svært viktig, men Skrifta har likevel ein spiss i framstillinga av Anden, og det er at han er Talsmannen og Sanningsanden. Han er Openberringsanden, han som lærer oss kven Jesus er, kva frelsesverket er, korleis vi vert frelste, kva Guds vilje er og kva vi eig ved trua på Jesus Kristus.

Det er klokt å gå til Jesu avskilstale og Jesu himmelfart for å få greie på kven Anden er, og kva hans oppgåve er. Det gjer Jesus svært tydeleg i lovnaden om å senda Anden. Jesu lovnad om Andens kome til jorda, er samstundes som ein programtale for Andens oppgåve og gjerning på jorda.

Powered by Labrador CMS