Debatt
HELSEMINISTER JAN CHRISTIAN VESTRE
Hans Christian Bergsjø
Helseministeren sitt verdisyn
På heimesida til regjeringa (regjeringen.no) uttrykkjer helseminister Jan Christian Vestre seg slik om utviding av abortlova: «Kvinners rett til selvbestemt abort er en grunnleggende verdi i Norge», og eg undrast: Kan det vera sant? Kva verdisyn har regjeringa?
Ei viktig oppgåve for regjeringa, tenkjer eg, er å ta vare på nasjonale verdiar. Mellom desse verdiane er livet den fremste. Slik må det vera for det er berre den som lever som kan nyta andre verdiar (eller rettar). Det ufødde barnet må difor representera ein enormt høg verdi.
Me har alle starta livslaupet i ei livmor. Korleis kan helseministeren då uttrykkja at retten til å fjerne den høgste av alle verdiar (livet) er ein grunnleggjande verdi i seg sjølv?