Debatt
FORLATEN: Jesus fekk som den første smaka helvetes gru på Golgata: Å bli forlaten av Gud, skriv Jostein Sandsmark.
Adobe Stock
Helvetet – finst det?
Helvete er atter tema i avisspaltene. Trenden er å meina at det ikkje finst. For så vidt er det sant: Helvetet er ikkje oppretta ennå. Like så lite som Paradis er gjort i stand, er ikkje helvetet klargjort.
Jesu ord i Joh 14,3: «Og når eg har gått bort og stelt til ein stad åt dykk, kjem eg att og tek dykk til meg, så de skal vera der eg er.»
Paradis står på vent. Alle dei døde er i forvaring i Dødsriket.