Herlegdomsteologi kontra korsteologi
- Arne Helge Teigen er uroa for kva som skjer med unge menneske som blir utsett for denne type forkynning. Eg har vitne på at det har gjeve fantastiske resultat.
Debatten som er reist her i avisa Dagen har svært like kjenneteikn med debatten som «raste» på 80-talet då norske kristne miljø fekk eit naudsynt og forfriskande møte med Den Heilage Ande. Då opplevde mange norske kristne for første gong (inkludert meg sjølv) at det som står i Bibelen ikkje berre er teori, men ein levande realitet.
Før eg hadde dette personlege møte med Jesus, var den kristne trua og det som står i Bibelen tørr og tung teori og reglane var vanskelege å fylgja.
Eg tenkte eigentleg eg kunne gå til «verden» for dei såg ut til å ha fleire gleder enn eg hadde. Men noko heldt meg att. Eg «visste» at det med Jesus var sant. Difor kunne eg ikkje gje opp trua. Så etter at «verdens» gleder synte seg å vera kortvarige, tok eg ei avgjerd; eg ville gjera opp mi sak med Gud.