Debatt
RETT- OG URETTFERDIG KRIG: Det avgjerande i rettferdig krig er at krigen har rett føremål eller hensikt og at krigen førast på proporsjonal måte. Russland fører urettferdig krig ved at ein i stor grad angrip sivile mål framfor militære mål, skriv Johannes Kleppa.
Javad Parsa / NTB
Herrens krigar og rettferdig krig
Det er mykje som kan seiast om krig, men det er to ting som er det viktigaste. Det eine er at krig er eit vonde som kom ved syndefallet, og difor skal Gud til sist gi oss ei jord utan krig, og før det eit tusenårsrike som vil vera eit fredsrike. Fram til då vil det vera krig på jorda, og til tider er krig eit nødvendig vonde. Det andre er at all krig må vurderast etisk ut frå læra om rettferdig krig.
I ein periode i Israels historie var det ei spesiell form for krig, Herrens krigar. Nokre gonger kallar vi det «heilag krig», men det kan mistydast som at alt Israel gjorde i desse krigane, var rett. Poenget er at dette var krigar som Herren gav ordre om og djupast sett utførte.
Det skjedde ut frå hans rettferdig, heilagdom, kjærleik, visdom og allmakt. Det var krigar i samband med at Israel skulle ta over lovnadslandet etter utgangen av Egypt, og det var krigar i oppgjer med synd i det syndemålet var fullt. Etter at Israel hadde fått landet sitt, vert det ikkje ført slike krigar lenger, og Israels krigar seinare er forsvarskrigar, og dei må vurderast på etiske premissar, som alle andre krigar.