| Frispark
Herskarmakt og tenarskap
HERSKARMAKT: I oppdrag for USAs president flørtar verdas rikaste mann med fascistoide krefter i Tyskland, mens arbeidsgjevaren hans opptrer som ei bølle overfor alle som vågar å krysse stien til verdsmakta sin eineherskar, skriv Rolf Kjøde.
Alex Brandon / AP / NTB
Demokratiet er i krise, og autokratane boltrar seg. Det er ikkje nytt. Demokratiet er ingen våt draum for inhumane ideologiar og kyniske maktmenneske. Nytt er det, derimot, at USA allierer seg med fiendane av den frie verda. Det burde uroe alle kristne.
Trua på den sterke, macho mannen og autoritære leiaren. Den blinde nasjonalismen som ber i seg rasismens hovmod. Imperiedraumen med trugsmål om å leggje under seg og kontrollere sin nestes land. Maktspelet for å kontrollere og ekskludere media. Politisk kontroll over domsfullmakta og manipulasjon for immunitet.
Historia sine spor er så ferske i Europa at ingen kan seie at vi ikkje kunne vite. Vi ser det igjen. Ikkje berre hos Putin og Xi. I oppdrag for USAs president flørtar verdas rikaste mann med fascistoide krefter i Tyskland, mens arbeidsgjevaren hans opptrer som ei bølle overfor alle som vågar å krysse stien til verdsmakta sin eineherskar.