Meninger
HIMMELSKE TONER GJENNOM 1000 ÅR: Nidarosdomen i Trondheim.
Gorm Kallestad/NTB
Himmelske tonar i Nidarosdomen: Takk at også eg fekk vere med!
I jonsokhelga fekk eg vere med og synge i kor i Nidarosdomen for fyrste gong. Bakgrunnen for dette var prosjektet «Himmelske toner gjennom 1000 år».
Eit prosjektkor på 200 songarar deltok saman med orkester og solistar, og eg fekk vere med i koret! Saman med ein fullsett katedral song me i løpet av vel to timar oss gjennom ei stor breidde av salmar, songar og åndelege viser.
Dette er songar som har blitt sungne i heimar, kyrkjer og forsamlingshus i Norge dei siste 1000 åra. Dette vart ei mektig oppleving, og tenk at eg skulle få vere med!