Meninger

BABYER: Den palestinske Røde Halvmåne-redningstenesta seier deg måndag 20. november skulle frakte 28 premature babyer over grensa til Egypt frå eit sjukehus i Gaza.

Hjartet blør for dei uskuldige som lir

Publisert

Hjartet mitt blør for barna som blir drepne i krigen på Gaza. Det er forferdeleg å sjå dei bileta som rullar over tv-skjermane frå den massive mediedekkinga av Israels krig mot Hamas.

Det gjer vondt langt inn i sjela å vera vitne til dei store øydeleggingane som bombinga fører med seg. Det er hjarteskjerande å sjå korleis uskuldige menneske lir i denne krigen mot terror.

Hjartet mitt blør også for dei mange uskuldige offera i dei krigane som går sin øydeleggjande gang, men som ikkje får noko særleg omtale i media. Dei uskuldige barna som lir i krigane i Jemen, Myanmar, Etiopia og i mange andre væpna konfliktar, får også mine tårer og medkjensle. Hjartet mitt blør for alle som lir på grunn av krigane i verda.

ERLING THU: Forkynnar i Kristent Nettverk.

Hjartet mitt blør for dei som lir i krigen i Ukraina. Mange uskuldige menneske har mista livet i den forferdeleg krigen Putin driv mot folket i Ukraina.

Det er mest ikkje til å tru at ein slik krig igjen skjer i vårt eige Europa. Eg tenkjer på dei som mistar sine kjære og dei som får heimane sine bomba i filler. Eg har djup medkjensle med alle som er flyktningar på grunn av krigen.

Eg er takksam for alle som arbeidar for fred og lindring av naud. Eg takkar Gud at mange premature babyer, som trong kuvøser, fekk koma ut av Gaza og til sjukehus i Egypt.

Eg takkar Gud for alle legar og sjukepleiarar som gjer det dei kan for å berga liv og lindra smerte i dei ulike konfliktane. Livet er ei Guds gåve som vi pliktar å verna om. Alle liv er like verdifulle.

Dei ca. 30 for tidleg fødte barna som vart redde ut av Gaza fekk store overskrifter og god mediedekking. Det var veldig bra. Det var eit lite lys i krigens mørke.

Eg føler med alle jødane som i dag møter eit veksande hat, på grunn av ein konflikt dei er uskuldige i.

Men hjartet mitt blør også for dei ca. 15.000 norske barna som kvart år ikkje får sjå lyset. Desse uskuldige barna som kvart år blir drepne i mors liv på norske sjukehus får inga mediedekking. Kvifor? Eg blør for dei og dei stakkars mødrene som kjenner seg nøydd til å avslutta det menneskebarnet dei ber på.

Hjartet mitt blør for dei mange offera av Hamas sitt forferdelege terroråtak på Israel 7. oktober. Uskuldige menneske vart drepne med kaldt blod. Eg gret i medkjensle med det jødiske folket som har opplevd eit blodbad i sitt eige land, det dei fekk i eige etter Hitlers holocaust.

Eg kan ha medkjensle med palestinarane sine kår, under Hamas sitt terrorvelde og Abbas sitt vanstyre, men terroråtaket på Israel var avskyeleg og kan ikkje rettferdiggjerast på nokon måte.

Hjartet mitt blør for gislane som er i terroristane sin varetekt. Kor redselsfullt må det ikkje vera når livet deira heng i ein tynn tråd. Kor vanskeleg må det ikkje vera for familiane deira, når den nagande uvissa tyngjer dei. Dei har mi djupe medkjensle.

Hjartet mitt blør for jødar over heile verda som i desse dagar opplever aukande antisemittisme og lever i frykt. Eg føler med alle jødane som i dag møter eit veksande hat, på grunn av ein konflikt dei er uskuldige i.

Dei fleste ikkje-islamistar anerkjenner at staten Israel har rett til å forsvara seg, men altfor mange kritiserer Israel når dei forsvarar seg mot ein fiende som vil utsletta dei. Vi treng ikkje forsvara alt staten Israel gjer, men vi kan ikkje la usemje gå over til antisemittisme. Det er livsfarleg.

Hjartet mitt blør for alle dei uskuldige som møter hat og vald.

Powered by Labrador CMS