Debatt
FOSEN-DOMMEN: Stor markering i 2022 av eittårsdagen for den historiske Fosen-dommen, der reindrifta vant over staten i striden om vindkraftutbygginga på Fosen.
Terje Pedersen / NTB
Høgsterett – berre til pynt?
For over 15 månader sidan slo Høgsterett einstemmig fast at utbygginga av vindkraft på Fosen bryt med menneskerettane (SP §27). Den samiske reindrifta på Fosen er sterkt pressa, og ekspropriasjonen av reindriftsområda til vindkraftanlegg var ulovleg.
Likevel arbeidar Olje- og energidepartementet (OED) for at det ulovleg oppsette anlegget skal bli ståande. Både Statsforvaltaren i Trøndelag og Norges institusjon for menneskerettar stiller seg kritisk til OED sin handlemåte.
OED argumenterer med at domen ikkje sa at anlegget måtte rivast. Men Høgsterett si oppgåve var berre å vurdere om konsesjonen var lovleg eller ikkje. Det ligg i maktfordelingsprinsippet. Difor var det sjokkerande at Terje Lien Aasland, som no er olje- og energiminister, etter domen uttalte: «Det er en stor og viktig sak, som også er alvorlig fordi den kan svekke tilliten til konsesjonssystemet hvis den blir stående.» Høgsterettsdomar er endelege, og det er alvorleg å så tvil om det. Diverre ser det ut til at eit fleirtal på Stortinget held dei seg på Aasland si linje.