Debatt

N/A: Vår kjærleik til kvarandre er det største vitnesbyrdet om Jesus, skriv Marit Hårklau Ådnanes. Her frå på Korsvei-festivalen i Seljord i 2017.

«Hold ut – hold sammen»

Publisert Sist oppdatert

Strofa er frå ein kjent Jahn Teigen-song. Den kom til meg her eg sit og skriv, samtidig som eg funderer over livet generelt og forsamlingslivet spesielt. Sjølv er eg kjenslevar på korleis «klimaet» er. Er det varmt eller kaldt? Er dette ein stad eg kan senka skuldrene, vera meg sjølv? Er det ein stad me kan tola å vera ueinige, samtidig som me vil kvarandre vel? «Enheten må tole usemje», er det sagt.

Jesus ber i sin avskjedstale at me må vera eitt, me som kjem til tru på han. Kvifor det? Jo, så verda skal tru at Jesus er utsendt av Gud. Vår kjærleik til kvarandre er det største vitnesbyrdet om Jesus. Ja, det er faktisk eit løfte. Når me som kristne står saman, då skal verda tru.

Av og til er eg glad for at ikkje alle følgjer med på til dels hissige diskusjonar og krasse facebookinnlegg omkring ulike teologiske emne og meiningar. Ofte har me meir fokus på det som skil, i motsetnad til det me kan einast om. «Gjer alt de kan for å ta vare på einskapen i Anden», skriv Paulus til Efesarane. «Ber over med kvarandre i kjærleik.». Dette er verkeleg ei god øving, også for meg. Eg kan kjenna på både menneskefrykt og lite tolsemd overfor menneske eg veit har andre teologiske meiningar enn meg.

Å kjenna einskap handlar om å leva saman, også i vår åndelege heim.

Så er det oppi alt sjølvsagt bra at det finst ulike typar kyrkjesamfunn og kristne fellesskap. Me er ulike, og har vakse opp i ulike samanhengar. Å kjenna einskap handlar om å leva saman, også i vår åndelege heim. I ein familie kan me vera ueinige om eitt og anna, men me vil kvarandre vel, og held saman likevel. Så må me også våga å snakka om «elefanten i rommet», dersom den er der.

Neste spørsmål blir gjerne då; kva er det viktig å einast om, og kva er det greitt at me er ueinige om? Det er eit stort spørsmål, som nok har ulike svar. Usemja kan rokka ved kjernen av våre overtydingar, og det kan vera vanskeleg å gå saman vidare. Først av alt trur eg det er viktig å einast om Jesus som sentrum. Her kan me finna kvarandre uansett kva vårt fokus og brann er.

Vegen mot målet kan bli lang. Det blir stadig meir krevjande å stå for Bibelens lære, og det som ikkje er mainstream. Livet elles byr også på sine oppturar og nedturar. Me treng rause kristne fellesskap, der me kan stå saman om det viktigaste. Me treng åndelege heimar der me kan støtta kvarandre; i trua, i livet.

Det kan vera lett å resignera om fellesskapet ikkje fungerer optimalt. Fellesskap kan vera sårt og vanskeleg, men kan også gi oss tryggleik og stor glede. Det er eit spørsmål korleis eg forpliktar meg til fellesskapet, og korleis fellesskapet forpliktar seg til meg. Eit kristent fellesskap der menneske elskar kvarandre, er uimotståeleg.

Powered by Labrador CMS