«Hotline» til Vårherre
Eg skal ikkje gå i rette med partiet sine politiske tema. Det er ei ærleg sak i demokratiet. Men deira kombinasjon med fokus på eigne saker blei beskjemma med usaklege angrep og falske skuldingar mot KrF.
Så har vi fått første svar på samansetjinga av det nye Stortinget. Fordelinga mellom sidene blei ei overveldande overvekt til regjeringsskifte, med eit mandat til Miljøpartiet De Grønne (MDG). Det andre som vil gå inn i historiebøkene er partiet De Kristne (DK).
Partiet gjekk høgt på banen både med å koma over sperregrensa, regjeringsdeltaking og ny kurs for Norge. Eg hadde fleire samtalar med partiet sine representantar på stand både i Bergen og i andre byar. Dei meinte seg tydeleg å kjenna Guds vilje, og vi kunne berre snakkast etter valet. Då skulle eg få sanna deira ord. Då var dei i posisjon.
Ja, dei kom sanneleg i posisjon, nemleg den posisjonen eg fortalde dei om: Den tydlegaste frukta ville bli støtte til motsett side med å svekka KrF. Det er liten tvil om at det er SV som gleder seg mest over at DK fekk folk til å tru på seg.
Eg skal ikkje gå i rette med partiet sine politiske tema. Det er ei ærleg sak i demokratiet. Mykje av deira ønskje deler vi i KrF også. Det er likevel nokre ting som eg er oppteken av: Deira kombinasjon med fokus på eigne saker blei beskjemma med usaklege angrep og falske skuldingar mot KrF.
Det var smerteleg å høyra om dei påstandar og rykte som blei sett ut mot KrF. I same åndedrag som dei meinte KrF burde velsigna det nye partiet, auste dei ut anklager mot nettopp KrF. For ein som fekk tillit i KrF nettopp fordi eg står for tydeleg verdiprofil, var dette tungt å forstå.
Det som likevel er det mest alvolege som eg registrerte om De Kristne i valkampen, var den teologi vi blei vitne til, og den samanblanding av politiske slagord, forkynning, bøn og propaganda som vi møtte. Uttrykt i prinsipielt språk: Opptreden var kjemisk fri frå all to-regimentslære.
Det verste eksempelet kom frå Visjon Norge og det dei formidla. Det blei kombinert med utrulege åndelege angrep på KrF. Kanalen som seier seg å vera uavhengig, opptrådte verre enn nokon annan kanal med ikkje å sleppa den angrepne part til for å svara på skuldingane. Heldigvis reagerte mange sunt og vende dei ryggen.
Eg kan ikkje la vera å undra meg over at avisa Norge Idag sin sjefredaktør ikkje markerte avstand til denne samanblandinga. Eg reknar med at han framleis deler normale vurderingar om to regimentslæra? Er bindinga til Hanvold så sterk at han ikkje våga?
I same samanhengen må eg også få uttrykka mi undring over opptreden til Ingvar Torvik. Eg skal ikkje bebreida han at han gjekk inn i partiet, men det som overraska meg, var at han blei med på Hanvold si blanding av forkynnartillit og politisk propaganda. Er han ikkje redd for at det har svekka tilliten til han som rettleiar i kristne samanhengar?
Partiet som skulle fornya Norge, dominera i Storting og regjering fekk altså 0,6 prosent av røystene. Eg skal ikkje bebreida dei 17.000 personane som trudde på dei. Men eg kan ikkje unngå å peika på ansvaret for leiarane og dei åndelege leiarane som brukte Gud til å gje sympatisørane totalt urealistiske politiske førestillingar. Dette var rein åndeleg forføring.
Eg håpar og oppmodar partiet sine leiarar til å tenka seg grundig om. Kvifor ikkje gå med oss i KrF for å styrka kristen verdiforankring i politikken? Men då må dei forstå at slik samanblanding av kristendom og politikk ønskjer vi ikkje i vårt parti. Det burde vera lærdommen og strategien fram mot 2017.