Meninger
Humanismen trur på menneskje. Men daglig ser vi vondskap og maktsjuke
Når nordmenn ynskjer kontakt med andre, skal nokre av dei mest populære knepa vere å få seg hund eller prøve seg på ein prat om «vêr og vind». For det er mykje å snakke om no, sidan hausten er over oss, og vinteren nærmar seg med stormskritt. Slik går det mange rundt, med hundar og tankar om vêret.
Sjølv slike velmeinande råd fører likevel ikkje til at ein lukkast kvar gong. Meir enn kvar femte innbyggjar bur åleine i landet vårt, og fagfolk fortel oss at mange, både yngre og eldre, kjenner på einsemd.
Hjå mange har einsemda no fått ein fylgjesvenn som heiter frykt. Frykta for framtida, i ein nasjon som siste åra berre har sett pila peike opp og fram. Overskrifter om «vêr og vind» har brått endra karakter til å handle om «krigsvinteren», då oljenasjonen møtte mangel på både energi og tryggleik. Endringa har gjort mange både redde og tynga – av kriser. For krigsfronten synest å reise seg på alle kantar, gjennom usikre matforsyningar, prisauke, energimangel, klima, krig og trusselen om atomvåpen.
Dagleg kjem bilete av kva menneskeleg vondskap og maktsjuke fører til når den får fritt spelerom. Då dei bar ut ei blodig og sundriven fødande mor gjennom bombekrateret ved den raserte fødestova, var barbariet komplett. Begge ligg no kalde og tause under ukrainsk jord, men bileta lever vidare. Utover hausten har tenåringar, journalistar, politikarar og forskarar vore innom tanken på «storkrigen», eller 3. verdskrig. Er det dit me går?
Statsråden visste kvar han kunne bytte frykt med fred og tryggleik.
Svaret på dette har så langt vore opprusting og våpeneksport. Ynsket om å utvikla større musklar for å tryggja fridom og fred i landa. Krigens etikk og vektskål byggjer vidare på prinsippet om me nokre gongar er tvungen til ta eitt liv, for å berge dei mange tusen.
Gjennom alt dette ser me samstundes humanismen si klokkartru på at mennesket på eigen hand og i eiga kraft skal vere i stand til å finne det gode, og verna om livet. Alt er opp til oss sjølve – åleine, og det finst ingen andre å vende seg til eller vegar å gå.
Men er det alt me har?
I det som kallast Noregs nasjonalsalme, finn me ei strofe både storting og leiarane for norske styresmakter godt kan lesa høgt for seg sjølv når planane for morgondagen skal leggjast.
Orda er formulert av tidlegare statsråd Elias Blix: «Vil Gud ikkje verja by og land, kan vaktmann oss ikkje tryggja.»
Er det då ute med oss der me lever i skuggen av raslande atomarsenal og dommedagsvåpen?
Nei, statsråden visste kvar han kunne bytte frykt med fred og tryggleik. Den finn han i ei bøn så kort og enkel at kvar kan be saman med han:
«Så vakta oss, Gud, så me kan bu, i heimen med fred og hyggja!»