Debatt
INNLEGG: Redaktør Tarjei Gilje har 18.1. nokre tvilsame resonnement i omtalen av Terje Hegertuns ekteskapssyn, skriver Vidar Mørk
Humpete resonnement om Hegertun frå redaktør Gilje
Redaktør Gilje har 18.1. nokre tvilsame resonnement i omtalen av Hegertuns ekteskapssyn. Han er skeptisk til ordet «liberal». Vel, ordet har med «fri» å gjere, men kan definerast vidt. La oss derfor droppe det ordet og heller teste Giljes resonnement på det meir spissa uttrykket «fri eller ulydig overfor bibelsk rettleiing».
Han samanliknar med at synet no er friare på 1) dødsstraff, 2) prevensjon, 3) skilsmisse 4) kvinnelege prestar, 5) gjengifte og 6) kyrkjetukt. No har vel ikkje NT noka klar rettleiing om 1, 2, 3 og kanskje 4, så det er ikkje gode samanlikningar.
Men om 5 og 6 skulle vel NT vere klar nok. Og da blir spørsmålet: Er ulydnad der ein god grunn til å utvide ulydnaden også til 7) ekteskapet? Det burde vel vere omvendt?