For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold og vi har følgende tilbud

5 uker - 5 kroner Du kan betale med vipps

Deretter kr 299,- pr måned. Automatisk månedlig fornyelse til ordinær pris. Ingen bindingstid, du sier selv opp når du ønsker

Er du allerede abonnent?

KJØP

Debatt

DIGITAL VERDEN: Stadig yngre barn får tilgang til den digitale verda gjennom mobiltelefonar, og stadig fleire blir oppslukte, skriv Ingrid Eiane Setvik.

Hurra for deg som får telefon

62 prosent av alle barn får mobiltelefon når dei er mellom 8 og 10 år. Sin eigen mobiltelefon som gjer ein heile verda i handa, bokstavleg tala.

Publisert Sist oppdatert

I dag er det ein merkedag i heimen vår. Me har ein tiåring i hus. Ein tiåring som lurer på om ein må gå på skulen akkurat denne dagen, når ein vert ti år. Som lurer på om foreldra skal vera heime frå jobb, sidan det er ein så stor dag.

Spørsmål har dukka opp jamt over fleire månader, og har auka på i antal og mangfald etter kvart som datoen nærmar seg. Korleis me skal feira denne dagen i heimen? Blir det noko godt til frukost? Blir det ein fotball som lyser i mørkeret i gåve? Kva med Iphone14 pro max? Har me foreldre eigentleg hugsa å kjøpe presang? Kan me sette opp trampolina før bursdagen?

Mange spørsmål som vitnar om store forventingar. Og som seier noko om kor stort det er for eit barn å fylle året. Då er det noko anna enn ein skarve 41-årsdag, som berre kjem og sannsynlegvis går forbi utan at dei heilt store spørsmåla har vorte stilte.

Powered by Labrador CMS