| Debatt
Hyggelege folk og åndeleg rettleiing
HYGGELIGE FOLK: Folk flest er stort sett hyggelege, i alle fall opplever eg det slik. Det gjeld stort sett anten ein er samd med dei eller ikkje. Det gjeld også folk i Den norske kyrkja (Dnk), inkludert biskopane, skriv Johannes Kleppa.
Foto: Herman Frantzen
Folk flest er stort sett hyggelege, i alle fall opplever eg det slik. Det gjeld stort sett anten ein er samd med dei eller ikkje. Det gjeld også folk i Den norske kyrkja (Dnk), inkludert biskopane. Det at folk er hyggelege, betyr likevel ikkje at dei rettleier rett, og då må vi ikkje la det hyggelege overstyra den kritiske sansen i vurderingane. Eg stussar stadig på måten liberale biskopar og andre liberale leiarar i Dnk vert presenterte og omtalte på frå teologisk konservativt hald.
Det har vore så stor utskifting i bispekollegiet og leiarskapet i Dnk at eg knapt kjenner nokon av dei. Den tida eg var redaktør i Dagen, var eg fast på Kyrkjemøtet og då visste eg kven alle biskopane og andre leiarar var, og ein del av dei kjente eg rimeleg bra. Alle var hyggelege, og vi delte gjerne bordfellesskap og snakka saman om mange ting. Då måtte ein vera seg svært medviten i den teologiske og åndelege vurderinga, slik at kjennskap og hyggeleg omgang ikkje overstyrte den teologiske og åndelege rettleiinga.
Det er lett gjort at når ein framhevar positive sider ved folk, får det slik vekt at det teologisk problematiske eller forførande ikkje kjem tydeleg fram og får nok vekt. Det er også lett gjort at folk sin teologisk konservative bakgrunn vert trekt fram på ein slik måte at den liberalteologiske ståstaden dei no har, ikkje vert tydeleg. Ei konservativ fortid hjelper ikkje mot ei liberal notid. Tvert imot kan det gje ekstra inngang for dagens ståstad, og med det medverka til åndeleg forføring.