Debatt
Hyrdesinnet som grunnhaldning i alt kristent leiarskap
Det å vera ein kristen leiar er noko meir enn å vera leiar for til dømes ei bedrift. I kyrkja leier me ikkje folk for å få mest mogleg ut av dei med tanke på å nå eit produksjonsmål, men menneska er sjølve målet for det me held på med.
I karismatiske samanhengar har det dei siste 20 åra vore fokusert på Efesarbrevet 4,11–13 når det har vore undervist om kristent leiarskap.
Der står det at: «Det var han som gav somme til å vera apostlar, somme til profetar, somme til evangelistar, somme til hyrdingar og lærarar. Slik kunne dei heilage bli utrusta til teneste og Kristi kropp byggjast opp, til vi alle når fram til einskapen i trua på Guds Son og i kjennskapen til han og blir det mogne mennesket som har nådd sin fulle vekst og har heile Kristi fylde.»
Her snakkar Paulus om fem ulike leiartypar eller leiarprofilar som Gud set inn i kyrkja si for å utrusta dei heilage, det vil seie «vanlege» kristne til all god gjerning. Hensikta er at kyrkja skal byggjast opp. Utan desse leiarane vil altså ikkje kyrkja fungera godt. Heilage som manglar åndeleg utrusting, er lite produktive, kyrkja stagnerer og veksten stoppar opp, og då handlar det både om vekst i kvalitet og kvantitet.
Vidare har det vore ein tendens til å rangera desse leiarfunksjonane etter den rekkjefølgja dei står i der det å vera apostel, profet og evangelist blir vurdert høgare enn det å vera hyrde og lærar, kanskje fordi dei tre første embeta ikkje er direkte knytt til den lokale kyrkjelyden, men er personar som gjer teneste i mange kyrkjelydar, gjerne i eit nettverk.
Ja, slik kan det sjå ut dersom me utelukkande legg ut om leiarskap ut frå dette skriftavsnittet i Efestarbrevet 4. Men det kan me ikkje gjera dersom me skal forstå dette rett. Me lyt handsama emnet ut frå heile Bibelen, og i særleg grad ut frå Jesu leiarskap.
I Hebrearbrevet vert det presisert at Jesus er både apostel og profet. Det er tydeleg at han hadde alle dei fem nemnde gåvene som er beskrivne i Ef 4. Men når han skal beskriva seg sjølv, så kallar han seg aldri for «den gode apostel», «den gode profet» eller «den gode evangelist», han kallar seg «den gode hyrden».
Det må ha betydning. Min påstand er: Hyrdesinnet må liggja i hjarte og ryggmerg hos både apostlar, profetar, evangelistar, hyrdar og lærarar dersom dei aktuelle personane skal vera sanne kristne leiarar, altså ikkje berre hos den lokale pastoren, han som er definert som hyrde.
At Jesus er den gode hyrden går attende til Salme 23 der David skriv: «Herren er min hyrde, eg manglar ingenting osv.» Me kan godt lesa denne salma som ei lærebok i kristent leiarskap. Det er personorientert, det er nærande, utrustande, empatisk og nærverande i gode og vonde dagar, i fest og sorg. Her er det snakk om Herren, men kva kristen leiar har vel ikkje Herren som sitt føredøme?
Ein god kristen leiar har sann omsorg for sauene, og spring ikkje når ulven dukkar opp.
Når Jesus seier om seg sjølv at han er «den gode gjetaren» går linjene også direkte attende til Esekiel 34. Kapittelet startar med å kritisera israelsfolket sine leiarar som dårlege gjetarar for folket.
Kva er ein dårleg gjetar? Det er leiarar som utnyttar flokken økonomisk, som ikkje styrkjer dei svake, som ikkje bind om dei som er skadde, som ikkje fører attende dei bortdrivne, som ikkje leitar opp dei forkomne, men som herskar over dei med makt og tvang.
Slike leiarar ville Herren fjerna, og så ville han sjølv koma og gjeta folket sitt, og han seier i vers 16: «Eg vil leita etter dei bortkomne, føra tilbake dei bortdrivne, binda om dei skadde, styrkja dei sjuke, vakta dei feite og gjeta dei på rett vis.»
Når me ser bort frå endetidsperspektivet i denne teksten, meiner eg at me her ser korleis eit rett kristent leiarskap skal vera, om ein kallar seg det eine eller det andre. Hyrdesinnet må liggja der som ein grunnleggjande motivasjon og regulator for både apostlar, profetar og evangelistar.
Det er i denne samanhengen interessant å lesa Jesu «ordinasjonssamtale» med Peter på stranda ved Tiberiassjøen i Johannes 21. Peter var den definerte leiaren i apostelteamet. Men kva oppgåver fekk han hos Jesus? Hyrdeoppgåver. «Fø lamma mine», «vakta sauene mine» og «fø sauene mine».
Kva held så ein sann kristen leiar på med? Han evangeliserer, han samlar folk om Guds ord, han lækjer sjuke, og gjev vidare opplæring til dei velfungerande, og andre ting i den retning. Omsorgsperspektivet er framtredande, men det er omsorg med mål og meining.
For Herren bur ikkje berre hos dei som er knuste og nedbøygde for å vera saman med dei i deira elendige tilstand, nei, han har til hensikt å rekonstruera dei, reisa dei opp og gjera dei til velfungerande kristne igjen. Hyrden, anten han er apostel eller profet, skal, som me har sett, utrusta dei heilage og så vidare.
Ein god kristen leiar har sann omsorg for sauene, og spring ikkje når ulven dukkar opp. Nei, han går mot fienden, og let livet sitt for sauene om det er naudsynt. Han er ikkje oppteken av å berga seg sjølv, men dei som Gud har gjeve han omsorg og ansvar for.
Difor må han meir enn nokon annan fornekta seg sjølv, ta krossen sin opp og følgja Jesus, han som Peter definerer som overhyrden.