Debatt
HYRDEN: Bibelen, og særleg Jesus, brukar bilete med hyrdingen og sauene for å få fram Jesu forhold til sin læresveinar, skriv Johannes Kleppa. Biletet er frå Stanghelle bedehus.
Johanna Hundvin Almelid
Hyrdingen og sauene
Slik åndssituasjonen er i dag, krevst det i enda større grad at lære- og hyrdingtenesta er aktiv og integrert i det totale arbeidet.
Bibelen, og særleg Jesus, brukar bilete med hyrdingen og sauene for å få fram Jesu forhold til sin læresveinar. Det er eit poeng at hyrdingen kjenner sauene og at sauene kjenner hyrdingen, dei kjenner han på røysta.
Det er hyrdingen si oppgåve å ta seg av sauene, og det gjeld særleg å syta for at dei får rett og nok mat, at dei får nok kvile og at dei vert verna mot rovdyr. Som det gjeld i det praktiske, gjeld det også i det åndelege.
Apostlane, og særleg Paulus, fører dette vidare ved å tala om ei nådegåve og ei teneste som vert omtalt som hyrding. Denne gåva synest å ha tilknyting til lærartenesta. Eit anna ord for denne gåva og tenesta er eldste. Det er også snakk om tilsyn, men det er ikkje det dominerande omgrepet eller elementet.