Frispark

KJENSLER: Språk skaper realitetar, og det er ikkje tilfeldig at kulturen vår etter å ha forkasta Skaparen, snur seg til ein sjølvidentifiserande måte å snakke og leve på, skriv Rolf Kjøde.

Identitet og kjensler

Kva gjer det med oss når vi aksepterer at alt flyter, når kultur og verdiar er «liquid», som sosiologen Zygmunt Bauman skriv?

Publisert Sist oppdatert

Kjenslene våre talar ikkje alltid sant. Erfaringa tyder på det motsette; dei bør brukast svært kritisk til manøvrering i livets store spørsmål.

For nokon er dette bannskap. Kor ofte høyrer vi ikkje at vi må lytte til kjenslene våre, fordi dei er det sannaste vi har? Ingenting i liva våre fortel oss så ærleg og autentisk om oss sjølve som kjenslene våre. Så blir det sagt.

Sunt forstått kan begge deler vere sant. Reint deskriptivt melder kjenslene våre alltid sant på den måten at dei heilt utan filter varslar noko som skjer djupt inne i oss. Derfor treng vi å vere klar over kjenslene våre.

Noko av det vi kjenner på, kan det vere nyttig å samtale om i fortrulege relasjonar, om det vanskelegaste jamvel under fire auge og vegleiing.

Derimot talar kjenslene våre slett ikkje alltid normativt sant til oss. Vi er fulle av impulsar som vi klokeleg held tilbake overfor menneske. Livet blir sosialt utåleleg om vi ikkje har solide filter som hjelper oss til å kome i grep kognitivt med å gjere val som trassar kjensler og impulsar.

Eg har brukt ein del tid i det siste på å lese ei bok som analyserer kulturutviklinga vår svært godt og nøkternt.

Professor i kyrkjehistorie, Carl Trueman, maktar i boka «The Rise and Triumph of the Modern Self» på overtydande måte å teikne dei idehistoriske linjene frå den franske filosofen Jean-Jacques Rousseau og romantikken si dyrking av individets naturlege impuls, via mellom andre Sigmund Freud si seksualiserte forståing av emosjonane våre, til ny-marxismens politisering og ideologisering av seksuelle kjensler.

Dette er ei linje som kan kjennast igjen i heile den driftsorienterte identitetsbølga som rir den vestlege, sekulære kulturen og politikken. Vi er kjenslene våre, i særleg grad dei seksuelle kjenslene, og nåde den som utfordrar det seinmoderne sjølvet.

Vi kastar ankeret i botnen av båten. På denne måten blir dei spørsmåla alle menneske treng å kome til rette med, ikkje forankra i noko varig normativt.

Trueman kallar dette ein «self-creation» som er blitt nødvendig i kjølvatnet av den sekulære «decreation». Når vi ikkje forstår oss sjølve i den evige Guds bilde eller hentar identiteten vår hos Skaparen, er vi dømde til å skape vår eigen identitet, i bildet til våre eigne kjensler.

Vi kastar ankeret i botnen av båten. På denne måten blir dei spørsmåla alle menneske treng å kome til rette med, ikkje forankra i noko varig normativt. Men kva gjer det med oss når vi aksepterer at alt flyter, når kultur og verdiar er «liquid», som sosiologen Zygmunt Bauman skriv?

Vi må alle hjelpast til å forsake den seinmoderne løgna om at vi er det vi kjenner på. Særleg må vi hjelpe våre unge til å forstå identiteten sin i lys av han som skapte oss til heile menneske med kroppar. Jesu kropp i død og oppstode er medisin mot alle tiders gnostisisme.

Kulturen vår har klare trekk av den gnostiske fornektinga av det kroppslege. Sjølv verifiserbare fakta som kjønns-celler og kjønnsorgan kan definerast ut av emosjonane sin trulause tale i liva våre. Eg er den eg sjølv vil vere, om det så strir mot heile den skapte orden.

Denne veka høyrde eg Karen Graaten snakke om sin veg inn i og ut av eit lesbisk forhold, og kva eit djupt møte med evangeliet betydde for hennar forståing av identitet. Ho oppdaga kor viktig det er at kjenslene som vi har ikkje får bestemme kven vi er, men at den vi er i Kristus får bestemme forholdet til det vi har i kjensler, tanke og vilje.

Dette trur eg er avgjerande. Sjølv har eg i mange år søkt å unngå all tale om at nokon er ein seksualitet, fordi eg meiner det er grunnleggande galt.

Vi har ein seksualitet, og den er vi kalla til å forvalte i lys av å vere skapt Guds bilde og fødd på nytt i Kristus. Språk skaper realitetar, og det er ikkje tilfeldig at kulturen vår etter å ha forkasta Skaparen, snur seg til ein sjølvidentifiserande måte å snakke og leve på.

Kjenslene våre talar jamt og trutt usant. Derfor må kristen sjelesorg i lengda aldri berre lytte, men også aktivt rettleie det sårbare subjektet til det normativt sanne.

Powered by Labrador CMS