Debatt
Ikkje korrekt å seia at storminga skjedde med Trump si velsigning
«Arven etter fire år med Trump». Dette var overskrifta til eit lesarinnlegg i Dagen» 28. november, forfatta av Nils-Petter Enstad.
Han nemner to positive saker som Trump fekk gjennomført då han var president, men kallar desse sakene som «først og fremst symbolpolitikk». Desse sakene er flytting av den amerikanske ambassaden i Israel frå Tel Aviv til Jerusalem og utnemning av konservative høgsterettsdommarar slik at Rode v Wade dommen nå er blitt oppheva.
Kva er symbolpolitikk? Ifølgje Wikipedia er symbolpolitikk: «Betegnelse på politisk virksomhet som ikke resulterer i budsjetter, lover, regelendringer eller vedtak med konkrete virkninger. I politisk debatt brukes begrepet ofte noe nedsettende om politikk som oppfattes som substansløs.»
Kan uttrykket symbolpolitikk brukast om Trump si flytting av den amerikanske ambassaden frå Tel Aviv til Jerusalem? Svaret er nei, fordi vedtaket om å flytta ambassaden blei gjort i Kongressen i USA i 1995, 45 år etter at Knesset i Israel 23. januar 1950 bestemte at Jerusalem skulle vera Israel sin hovudstad, men som tidlegare amerikanske presidentar hadde ignorert, utsett, trenert.
Som ein handlingas mann som er til å stola på, var det Trump som sette vedtaket frå 1995 ut i livet ved at den amerikanske ambassaden vart flytta frå Tel Aviv og opna i Jerusalem 14. mai 2018, på 70-årsdagen for opprettinga av Israel som sjølvstendig stat i nyare tid.
Vedtaket om ambassadeflyttinga var ikkje symbolpolitikk fordi vedtaket har ikkje ført til nokon tredje verdskrig som trusselen var frå arabisk hald, men det har ført til at fleire andre land har følgt Trump sitt eksempel. Når følgjer Noreg Trump sitt eksempel? – Noko Conrad Myrland i organisasjonen «Med Israel for fred» oppmodar den norske regjeringa til å gjera i den leseverdige artikkelen sin i Dagen 28. november under tittelen: «Land velger selv sine hovedsteder – også Israel.»
Ved å flytta ambassaden slutta USA ved Trump å diskriminera Israel, noko Noreg diverre framleis gjer. Slik diskriminering gjer ikkje Noreg overfor noko anna land i heile verda ifølgje Myrland. Kvifor? Er det gamle sviket mot jødane, jødehatet, antisemittismen som er grunnen? Eit svik som me blir minna om i Dagen 28. november i Paul Odland sin bokomtale av Harry Rødner si bok: «Sviket» og dokumentarserien «Last jøder» som blir vist på NRK i desse dagar.
Det var ikkje tyskarane/nazistane som arresterte jødane og frakta dei til «Donau», «Gotenland» og «Monte Rosa» under andre verdskrig, berre fordi dei var jødar, men norsk politi. Det tok 70 år før Jens Stoltenberg i 2012 bad om orsaking på vegner av Noreg for den funksjon norsk politi hadde i den samanheng.
Det har nå gått snart 73 år sidan Israel oppretta Jerusalem som sin hovudstad. Kor lenge skal det gå før Noreg orsakar seg for dette sviket og denne diskrimineringa overfor jødane og Israel ved å leggja ambassaden sin i ein annan by enn hovudstaden?
Var Trump si oppnemning av tre konservative høgsterettsdommarar som i ettertid har ført til at den grunnlovsstridige Rode v Wade dommen frå 1973 er blitt oppheva, symbolpolitikk? Svaret er nei! Det står ingenting i den amerikanske grunnlova at ein har fridom til å ta livet av menneske som ikkje er fødde ennå.
Det står heller ikkje noko om at ein har privat fridom til å ta livet av eige avkom. Den grunnlovsstridige dommen frå 1973, gjorde at alle kvinner i USA uansett stat hadde rett til å ta abort dersom dei ynskte det, i praksis fram til fosteret var levedyktig utanfor mors liv, i enkelte statar heilt fram til fødselen.
Dommen påverka også haldningane til abort i mange andre land, mellom anna Noreg. I USA har tusenvis av ufødde menneske uretteleg blitt tatt livet av sidan 1973. Korleis er situasjonen nå? Nå må kvar delstat oppretta si eiga abortlov. Det vil ikkje verta noko ulempe for fosteret samanlikna med slik situasjonen var før Roe versus Wade-dommen vart oppheva. Nå kan kvar delstat om dei vil, forby all abort, eventuelt setja eigne reglar for når eventuelle abortar kan gjennomførast.
Oppheving av Roe versus Wade-dommen er ein stor seier for dei amerikanarane som ikkje er fødde ennå, tusenvis av menneskeliv vil verta sparte – takka vera Trump. Symbolpolitikk? Regelendring eller vedtak utan konkret verknad? Substanslaus politikk?
Av andre positive saker som Trump fekk gjennomført då han var president, viser eg til lesarinnlegget mitt i Dagen 24. november og andre lesarinnlegg som nemner slike saker, mellom anna Harald Claudius sitt innlegg i Dagen 28. november: «En presidents embetsførsel» der han viser til eit redigert utdrag av ein artikkel av Franklin Graham i «Newsweek» februar 2022.
Når det gjeld storminga av Kongressen i 2021, så var det ikkje Trump som storma Kongressen, og det var heller ikkje Trump som hadde ansvaret for sikkerheitsopplegget rundt Kongressen. Trump har tatt avstand frå storminga og det resultatet den fekk. Det er difor ikkje korrekt å seia at storminga skjedde med Trump si velsigning.
Når det gjeld kven som bør veljast til demokratane og republikanarane sin presidentkandidat, og kven som bør veljast til president i USA i 2024 er det opp til amerikanarane sjølv å avgjera, og ikkje forståsegpåarar eller media her til lands – forhåpentleg utan juks.