Debatt
HALLARÅKER: Karl Johan Hallaråker er tidlegare generalsekretær i Indremisjonsforbundet.
Hanne Kristin Pedersen
ImF si misjonsleiing og økonomiforvaltning
Ein kommentar til saksdokumentet til ekstraordinær generalforsamling.
Den økonomiske situasjonen
Det er smerteleg å lesa om Indremisjonsforbundet sin økonomiske situasjon. Det påkallar både forbøn og omsorg. Samtidig må ein reflektera over kva som har ført til denne situasjonen. Det er viktig for å finna realistiske løysingar framover. Etter oppmoding tillet eg meg nokre refleksjonar sjølv om eg kan koma i skade for å legga nye steinar til børa.