| Frispark
Ingen fødsel utan jordmor!
UASSISTERT FØDSEL: Denne vinteren har det vore ein offentleg debatt i Noreg om at enkelte kvinner vel å føde heime utan jordmor eller kvalifisert helsepersonell til stades, skriv Kjersti Toppe.
Adobe Stock
Det er mykje god helse i god fødselsomsorg. Ei god svangerskaps-, fødsels- og barselomsorg er viktig for kvinner si helse, for familien og for å gi barn ein god start på livet. Svangerskaps-, fødsels- og barseltilbodet i Noreg gir gode resultat for mor og barn. Registrerte fødselsskadar er redusert og det er trygt å føde. Likevel er det ting som no skurrar og ei utvikling som er til bekymring.
Denne vinteren har det vore ein offentleg debatt i Noreg om at enkelte kvinner vel å føde heime utan jordmor eller kvalifisert helsepersonell til stades, såkalla «fri fødsel». I sosiale medium er det både norske og utanlandske frifødselsnettverk som uttrykkjer at dei ønskjer heimefødsel utan kvalifisert helsepersonell. Helsedirektoratet har klart frårådd dette. Heldigvis.
Eg ser med bekymring på denne utviklinga, og reagerer på at personar reklamerer og gir inntrykk av at dei er fødselshjelparar utan å vere autorisert helsepersonell. Konsekvensane kan vere store for både mor og barn, og dødsfall hos nyfødde barn er allereie blitt knytt til uassistert heimefødsel, og saker om dette er under etterforsking.