Frispark
ISLAM: Islam er i ei særstode. Det er ikkje berre ei trusretning, men eit heilskapleg system med religiøse, juridiske, politiske, økonomiske og militære komponentar, skriv Hallgrim Berg.
Adobe Stock
Innvandring og islamifisering – kvar går vegen?
Med jamne mellomrom flammar det opp eit ordskifte om innvandring til landet. Er dei årlege tala for store? Treng ikkje Noreg all den utanlandske arbeidskrafta me kan få? – Jo, seier bedriftseigaren. Tja, seier skulesjefen. Nei, seier fengselsdirektøren.
Frå partia og folkevalde kjem det både ja og jo, tja og nei, tjo og hei – alt etter den plasseringa dei har på den politiske skalaen. Men mest alle meiner: Det er for liten del av dei innvandra som lærer norsk, er i arbeid og betalar skatt!
Gåte: Kvifor skil då den etniske og religiøs/kulturelle bakgrunnen så mykje når det gjeld å vera til gagn og inntekt – eller til plage og utgift – for eit vertsland? Kvifor arbeider innkomne buddhistar og sikhar jamt og trutt når så mange muslimar ikkje gjer det?