For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold og vi har følgende tilbud

5 uker - 5 kroner Du kan betale med vipps

Deretter kr 299,- pr måned. Automatisk månedlig fornyelse til ordinær pris. Ingen bindingstid, du sier selv opp når du ønsker

Er du allerede abonnent?

KJØP

KRISTEN BY: Mange møtte fram då paven gjesta Karaqosh, den største kristne byen Irak, søraust for Mosul.

Irak som eit kristent museum?

Kan pave Frans si historiske og kraftfulle reise ha hindra at Irak blir eit museum over 2000 års kristendom?

Publisert Sist oppdatert

Kristne frå alle kyrkjesamfunn helsa pave Frans varmt velkommen i Irak. Det låg sterk moralsk kraft i at 84-åringen hadde mot til å reisa til eit i seg sjølv utrygt land – og det midt under pandemien. Dette var den første reisa nokon pave gjorde til Irak, og den første reisa paven gjorde under pandemien.

Paven fekk plassert Iraks forfølgde og gløymde kristne i internasjonale mediekanalar med eit kraft ingen andre klarar. Han kunne sagt det frå Roma, men valde ei langt frå risikofri solidaritetsreise.

Irak har bibelsk historie tilbake til Abraham og 2000 års kyrkjeleg historie frå apostlane. Den kristne minoriteten som har vore utsett for mange prøvelsar gjennom hundreåra, vart for alvor liten i åra etter den amerikanske invasjonen i 2003 og borgarkrigen som følgde – og etter IS-bestialiteten.

Powered by Labrador CMS