IS og oss
Ferie er farleg. Men når det brenn nok, kan vi mobilisera. Det gjorde vi midt i juli 2011. I sommar lot vi Midtausten brenna mens vi var på ferie.
I løpet av sommaren har eg hatt ei snikande kjensle av at vi som kyrkje har forsømt oss.
Les også: Kirken taus om den lidende kirke i Irak
Vi opplever ei svært dramatisk utvikling: ISIL (nå:IS) si overraskande overtaking av store omåde i Syria og Irak har medført ufattelege lidingar, og for første gong er store område rydda for kristne. Kor er det blitt av protestene våre?
Ferie er farleg. Dette skjedde midt i ferien. Mange var vekke, bortreiste, blant dei eg. Men når det brenn nok, kan vi mobilisera. Det gjorde vi midt i juli 2011. I sommar lot vi Midtausten brenna mens vi var på ferie.
Likevel har vi gjort noe. Det er blitt protestert. Det er bedt i kyrkjer og på bedehus. Biskop Nordhaug og Sommerfeldt har demonstrert og tatt til orde for politisk og jamvel militær handling. Mellomkyrkjeleg Råd har vore på banen og deltatt i drøftingar både her og nær situasjonen.
Likevel blir eg ikkje kvitt ei nagande kjensle av at vi ikkje har gjort nok. I Dagens næringsliv den 20. august samanlikna Janne Haaland Matlary det ho kallar den norske kyrkjas tafatte reaksjon med pavens og den europeisk-katolske bispekonferansen sine klare ord og tydelege krav.
Her er ingen enkle løysingar, men likevel kan vi handla:
Vi kan alltid be, både som enkeltpersonar og i våre kyrkjer. Det ber våre kristne søsken frå desse områda oss instendig om.
Vi kan støtta politisk handling for å ta imot flyktningar og menneske i nød, og kreva at det blir gitt nok, så menneske som flyktar, får hjelp. Her kan vi læra av politiske rekasjonar, mellom anna i det sekulære Frankrike.
Vi kan demonstrera – og det bør vi.
Les også: Statsminister Solberg er blant mange som holder appell i demonstrasjonen mot IS foran Stortinget
Vi kan støtta muslimske organisasjonar som tar eit modig oppgjer med denne avarten av og misbruk av religion – og bør vera tydelege på at det forventar vi.
Under sin nobeltale reflekterte Barack Obama omkring bruk av makt og rettferdig krig. Den situasjonen vi i dag står overfor gjer dette svært aktuelt, ikkje berre for USA, men også for internasjonale organ, slik Vatikanet og andre kristne kyrkjer har gitt uttrykk for.
Mange betaler ein høg pris. Likevel åtvarer kristne i området oss mot å bli hatefulle og la bitterhet fylla sjela.
Det er forbløffande å sjå korleis kyrkjer også handlar diakonalt, profetisk og kjærleg midt i kaos og vondskap og vald. Vi bør forsøka å stå saman med dei, i bøn og ord og handling.