Frispark
Islamsk fjernstyring i Danmark
Demokratiet i Europa går tronge tider i møte. Islamiseringa rullar vidare, og me må alle tilpasse oss. Det er snart farleg å framføre islamkritikk offentleg. FN har i fullt alvor definert slik kritikk som islamofobi. I praksis vert ytringsfridomen ofra, bit for bit, samtidig som sjølvsensuren aukar i redaksjonar og samfunnsliv. Etter kvart må styresmaktene i våre europeiske land bøye seg for den muslimske maktviljen.
No er det Danmark.
Då statsminister Mette Frederiksen vil ha «et forbud mot skjending av hellige skrifter», er det sjølvsagt episodar med koranbrenning ho vil ha slutt på. Grunngjevinga for forbodet er «en sikkerhetsrisiko». Jo, me skjønnar det er slitsamt å halde styr på provokatørar. Koranbrenning framom eit parlament eller ein moské gjev framleis medieomtale for politiske villstyringar.
Men som presten Einar Gelius seier det, er det mykje betre å lesa i Koranen enn å setja fyr på han. Då kan folk sjå kva Allah sine påbod fører med seg for oss menneske.
Harald Stanghelle likar ikkje stoda: «Resultatet er at to av verdens frieste land – Danmark og Sverige – er i ferd med å gi etter for krav fra autoritære strømninger i noen av verdens mest udemokratiske regimer.» Han legg til at han framleis trur på dialog i demokratiske samfunn, «men det er øyeblikk hvor konfrontasjon er en forutsetning for ærlig dialog».
Eg er samd: Det er eit dramatisk og illevarslande steg å gje etter og ville innføre ein blasfemiparagraf i samfunn som elles yndar å kalle seg sekulære, liberale og demokratiske. Prinsipielt er det like ille kvar enn i verda innsnevringar kjem, men det verkar ekstra uhyggeleg når ytringsfridomen går ned i kneståande for autoritære trugsmål i våre nordiske grannelag.
Mette Frederiksen vil bli hugsa, då det er hennar regjering som opnar for at religiøse ekstremistar og islamske statar får lov til å diktere dansk lov. I høyringsrunden er Dansk Muslimsk Union svært nøgd. Til dette kommenterer Trykkefrihedsselskabet: «Svaret fra DMU viser med deprimerende tydelighed at islam udgør en af de største trusler mod ytringsfriheten i Danmark.»
Ein tung aktør spelar i kulissane. I årevis har OIC (Organization of Islamic Cooperation) med sine 57 medlemsland drive intens kampanje i FN for å få til globalt forbod mot islamkritikk. Dei seier: Profeten er opphøgd, muslimar diskriminerte, og Allah må for all del ikkje vanærast!
I fjor vann OIC fram, mellom anna ved å få vedteke 15. mars som ein årleg «Verdsdag mot islamofobi».
I praksis vert ytringsfridomen ofra, bit for bit.
Denne organisasjonen har journalistar og folkevalde undervurdert lenge. I femti år har ideologane i OIC arbeidd – også i tospann med EU – for å fremja islamske interesser. Stikkord: Ja til muslimsk innvandring i Europa. Offerstempel på dei som kjem. Familiegjenforeining i stor stil. Krav om betre kår og tilrettelegging. Arabisk språk og historie inn i pensum alle stader. Utfalding av islamsk religion (med «nøytralisering» av kristendom og kulturarv i skule og samfunn).
Framleis er det skrive lite om bakgrunnen og presset mot EF/EU som arabiske og islamistiske interesser stod bak tidleg på 1970-talet gjennom Den euro-arabiske dialogen, eit samarbeid mellom Samanhengen var mest ukjent her heime, då Noreg hadde det travelt med EF-røysting. Norsk debatt den tida galdt ikkje muslimar og olje, men katolikkar og vin.
Me kjenner godt retorikken og «logikken» frå OIC: Islam skal ikkje drøftast, men etterlevast; drøfting av religionen er i seg sjølv kritikk; å stille spørsmål er uttrykk for hat; hatytringar er diskriminerande; diskriminering utløyser trakassering og vald – og alt dette er rasisme!
Kort og godt, oppskrift på ideologisk sirkelgang, alltid sjølvrettferdig og evig lidande.
Samstundes går det føre seg kristenforfølgingar i milliontal i mange muslimske land. Stor ståhei med Verdsdagen mot islamofobi, medan ordet kristofobi er ukjent.