Debatt
JØDISK HEIM: I Balfourdeklarasjonen står det at den engelske regjeringa ser med velvilje på opprettinga av ein jødisk heim i Palestina. Biletet viser den britiske politikaren Arthur Balfour i 1925.
AP / NTB
Israel kan ikkje okkupere eigne landområde
I San Remo i Italia blei fleire statar oppretta under konferansen etter første verdskrigen. Dei fire fremste allierte stormaktene (Italia, Storbritannia, Frankrike og Italia) avgjorde kva som skulle skje med dei områda som blei erobra frå det ottomanske riket.
Dei fremste allierte fekk suvereniteten over områda i Syria, Mesopotania og Palestina og kunne disponere desse områda som dei kollektivt bestemte. Den 24. og 25. april 1920 bestemte dei fremste allierte stormaktene å anerkjenne jødane og arabarane sine krav.
Det blei bestemt at områda skulle administrerast under mandatordninga slik at dei nye statane skulle bli gjevne naudsynleg hjelp for å bli separate statar. Dei tre mandata for Syria, Palestina og Irak blei godkjende av dei fremste allierte i San Remo, og i juli 1922 også av Folkeforbundet. Jødane hadde bede om godkjenning av si tilknyting til Palestina.