Debatt
Israel og ytringsfriheten
Ole Bjarne Amdahl er opprørt over IDF som invaderer kontoret til tv-stasjonen Al Jazeera. Og han kan ha rett i at opptrinnet var vel melodramatisk. Men at Israel tok steget ut og aksjonerte, er som ein kan venta.
For ei slik oppkome av utplukka reportasjar og biletbruk med grov, usann propaganda finst det heldigvis ikkje make til.
Al Jazeera har i heile Gazakrigen hatt som fast ståande rammetekst i tv-ruta: «Gaza genoside» (folkemord i Gaza); «The occupied West Bank» (den okkuperte Vestbredden/Judea og Samaria) og «The occupied East-Jerusalem» (det okkuperte Aust-Jerusalem.
Desse tre provoserande propaganda-utsegnene er giftige, antisemittiske usanningar –brukt for å oppvigla palarabarane – og som fører til at heile verdssamfunnet hatar jødane – stikk i strid mot Oslo-avtalane som forbaud oppvigleri.
Israel har fått nok av denne medie-krigføringa. Stenginga er ikkje mangelfull respekt for ytringsfridomen, men eit tiltak for å stoppa desinformasjonen og den aggressive hat-propagandaen.
Amdahl har ved ein skrivefeil sagt det som er sanninga: «Israel er uenig i 'syndpunktet' journalistene måtte fremme». Ja, nettopp.