Debatt
POLITISK PRESS: Det er sterkt politisk press mot Israel, med Noreg i spissen i den vestlege verda, skriv Johannes Kleppa.
Bjørn Olav Hammerstad
Israel under press og jødehatet veks
Israel og jødefolket vert behandla annleis enn alle andre land og folk, og det på negativ måte. Vi kan tala om doble standardar på fleire området. Dette er så massivt frå media, politisk hald, kultureliten og fleire andre samanhengar at vi lett vert fanga inn av det. Vi treng motgift og vi må vera vakne.
Jødehatet og israelkritikken går som hand i hanske. Det er umogleg å skilja folket og landet når det gjeld jødane og Israel. Slik har det vore frå starten av Israels historie. Folket høyrde landet til med kongedøme og gudsdyrking, med Jerusalem og tempelet, med offertenesta og presteskapet – og aller mest: frelseslovnadene og Messias. Det er av denne grunn jødehatet har oppstått, og det er av denne grunn israelkritikken vert så kraftig. Også i dag heng folket og landet saman ved at Israel er jødefolket sin tilfluktsstad og nasjonalheim
Jødehatet har ikkje eit rasjonelt opphav. Det er demonisk. Då djevelen ikkje makta å ta livet av Messias i det han vart fødd, retta han hatet sitt mot jødefolket, som bar Messias fram, og dernest mot kyrkja, som trur på Messias (Op 12). Den uproporsjonale israelkritikken stå i det same perspektivet. Kan djevelen ikkje få ramma jødefolket direkte, slik han gjorde under Holocaust, angrip han landet Israel, den jødiske nasjonalheimen. Det landet der jødefolket skulle kunna leva trygt, må gjerast så utrygt som råd er.