Debatt
KRIG: Denne kampen i Midtausten er ein sivilisasjonskamp og er langt meir alvorleg enn vi kan førestille oss, skriv Ole Gerhard Steen.
AP / NTB
Israels kamp er meir enn ein forsvarskamp
Det går føre seg ein alvorleg krig i Midtausten mellom Israel og Hamas. Slik som i alle krigar blir mange sivile råka, og det er djupt tragisk.
Vi må likevel greie å skilje mellom rett og gale, sant og usant. Viss Israel legg ned våpena og satsar på fred, risikerer dei å bli utsletta – fordi det er faktisk eitt av måla til Hamas og samsvarar godt med utsegnet «From the river to the sea»!
Viss Hamas legg ned våpena og går for fred, så vil faktisk Gaza blomstre, og dei kan byggje sivilsamfunnet til beste for innbyggjarane. Ingen sivilsamfunn har motteke meir økonomisk støtte enn Gaza, og likevel greier dei ikkje å gi sivilbefolkninga nødvendige tenester som t.d. bomberom.